26 mars 2008


Tusen takk alle i hop !

Eg runda femti her om dagen, nærmare bestemt den 5. mars. Eg valgte å stikke av, - til Bergen på hotell i lag med fruen, med god middag på ein fin restaurant om kvelden. Hadde vel litt dårleg samvit for å snyte slekt og vener for ein fest, men dagen var jo min og eg tenkte det var best å la den passere utan for mykje styr.

Ikkje alle var einige i det skulle det vise seg. Ting har skjedd bak min rygg!

I går kveld, påskeafta, var vi invitert til Roy Ove og Marianne i lag med gode vener. Det pleier å vanke god mat og drikke slike kveldar så eg gledde meg. Men kvelden skulle bli heilt ein annan enn det eg såg føre meg.

På veg inn til våre gode naboar kom plutseleg Marianne durande i bilen og ville køyre oss, - var så glatt å gå sa ho. Ho var vel redd eg skulle dette å bryte lårhalsen på dei knappe 200 meterane tenkte eg- gamle folk er jo utsett for slikt. Så skulle eg ha bind for auga sa ho, fordi ungane hadde laga til ei overrasking, - kjekt det tenkte eg og knytte lydig skjerfet eg fekk over auga så alt vart stappande mørkt.

Eg begynte å ane ugler i mosen når dei 200 meterane måtte vere passert for lengst, og forklaringane var heller flåsete både frå Marianne og fruen. Eg forsto såpass at vi stoppa ved grendahuset. Der vart eg geleida inn i salen før eg fekk ta av skjerfet og – STEIKJE DEG! - der var huset fullt av festkledde slekt og vener som kom med eit rungande ” GRATULERER MED DAGEN!

Eg var lurt trill rundt. Her var det laga til fest for meg utan at eg hadde hatt den minste anelse! Men du verden for ei gledeleg overrasking!

Champagne-korkane small og glasa vart fylte. Så bar det til festdekka bord med Ungarsk gulasj–suppe på menyen, med olivenbrød og rundstykker til. Kakebord med kaffi til dessert, og litt attåt i glaset. Eit herremåltid kort og godt.

Bort i kroken var det rigga til karaokeanlegg, og det tok ikkje lang tid før trangen til å utrykke seg i tonar og ord meldte seg for mange, for det likar vi her i fjorden ! Det å få syngja litt, det gjer oss glad som det heiter i songen. Og glade vart vi, gladare og gladare, både av songen og diverse anna. Det vart langt på natt før songen stilna og vi fant heim.

Eg har forstått at det å bli 50 skal ein ikkje ta for lett på når ein har vener som likar ein god fest. Veldig kjekt at de tok det på denne måten.

Tusen takk til ”arrangementkomiteen” Liv , Marianne og Roy Ove, Ragnhild og Ane.

Tusen takk for god suppe Roy Ove, og for godt brød Liv, Janne og Inger.

Tusen takk for gode kaker Marianne, Liv, Anita, Vigdis og Magni.

Tusen takk for kjempefin song Kristin og Ingrid.

Tusen takk for alle gåver.

Tusen takk til kvar og ein som kom og var med til å gjera dette til ei bursdagsgåve eg vil leve lenge på !

Om eg lever 50 år til veit eg ikkje, men om eg gjer det skal eg ordna festen sjølv……. Med hjelp av gode vener.

Helsing Kjell.

24 mars 2008

Padletur Flokeneset-Svanøy 2.påskedag
Ein flott tur i dag frå Flokeneset over til austenden av Svanøy og tilbake. Stilt og fint med rolege havdønningar. Vi brukte ca. 3 timar på dei godt og vel 12 km.

22 mars 2008

20 mars 2008












I går sjøsette eg kajakken for første gong i år. Padla ein "forsiktig" tur ut Stongfjorden til Størdal og tilbake i eit ver som veksla mellom snøbyer og sol. Bilda er tekne med eit dårleg mobilkamera så kvaliteten er ikkje den beste.



Padletur19.03-08

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...