21 september 2011

Storfint besøk !

Det er ikkje så ofte at eg padlar her inne i fjorden, men når sjølvaste Christian Radich ankra opp inne på bukta i dag føremiddag måtte eg utpå for å ta skuta nærare i augesyn. Eg måtte gni meg i auga då eg såg den kom glidande inn fjorden, for det er ikkje akkurat kverdagskost å sjå ein fullriggar her inne.

 SS Christian Radich for anker i Stongfjorden.

Gallionsfiguren, skipets sjel og lykkebringer.

Flott skute

Ombord var det ein gjeng befalsstudentar på kurs, og grunnen til at dei hamna i Stongfjorden var rett og slett fordi dei ville finne smult farvatn.

Måtte ha eit bilde med kajakktupp.

Vakker skute i vakker bygd.

Det var fleire som tok bilder av skuta i dag, Janne sine finn du HER


19 september 2011

Kveldstur.

Eg gløymde solbrillene mine ute på Kråka fredag, så det vart ein tur ut att i går kveld for å hente dei. Brillene kosta ikkje meir enn at dei kunne ligge der for den del, men det var no eit greit påskudd for å få seg ein tur. Klokka vart halv seks før eg sjøsette kajakken så det var ikkje så mange timane att med dagslys.
Staveneslykta.

Turen ut til Kråka går på ein halvtime, så eg hadde tid til litt ekstra padling, litt fotografering, og ei pause på ein holme med havutsikt i alle retningar.
 Frå Smelværet mot Kinn.

 Inn att mot Staveneset.

Sola gjekk ned bak meg på turen inn att mot Staveneset, og eg brukte lang tid. Måtte snu meg til stadighet for å nyte solnedgangen, og eg tok bilder til kameraet gjekk tom for batteri.
Her er nokre av dei






 Det var nesten mørkt før eg fekk kajakken på biltaket og køyrde heim.


Ikkje så lang tur, men fantastisk flott. 11 km vart det.
Fleire bilder frå turen finn du HER

18 september 2011

Jomfrutur !

Søndag for ei veke sidan sat eg i godstolen sjekka bruktmarkedet på Finn.no og ante fred og ingen fare. Men brått var den der! Annonsen som underbevisstheten sikkert har sett etter lenge! Den skreik mot meg frå PC-skjermen; KJØP MEG!
Mandag var det valg, og eg måtte gjere borgarplikta mi, heile dagen i vallokalet i Stongfjorden, men tirsdags morgonen var eg på veg til byn for å handle. Kajakken var minst like fin som selgaren hadde lova, så den vart med meg heim att.

Gult er kult !

Drittvêr onsdag og torsdag, men fredagen var perfekt for jomfrutur med nyebåten.

Stille og fint på Stavfjorden


 Mot Kråka.

Nyebåten er samme merke og modell som den gamle, Valley Aquanaut, men ein LV (Low Volume), den gamle er ein HV (High Volume) Det betyr at den er 15 cm. kortare, 2 cm smalare, 5 cm lavare og 4,5 kg lettare. Og så er den bygd i glasfiber, den gamle er bygd i polyetylen, eller plast på godt norsk.
Glasfiber betyr at båten blir stivare og kanskje litt raskare, og så er den finare å sjå på; glatt og fin overflate, finare finish og detaljar. Men til gjengjeld tåler den mindre juling enn ein plastkajakk, så den må behandlast litt meir forsiktig.

 Nyebåten i positur på Kråka med Alden og Tviberg i bakgrunnen. Bjutiful !

Tareskogen reiser seg i bøljene.

 Det var litt drag i sjøen og bøljene slo innover svaberga på Kråka. Flotte fotomotiv synest eg.

 Frådande bøljer...

 ...innover svaberga.

Det vart to rast i dag, sør i Smelværet sjekka eg badetemperaturen, tok litt bilder og plukka litt søppel som eg tok med meg heim og kasta i søppeldunken. Har høyrt noko om nasjonal ryddedugnad langs kysten, så eg tenkte eg kunne gjere ein innsats. Eg ser ofte søppel som har drive i land ute i øyane, og har igrunnen tenkt på det ei stund, å ta med litt kvar gong eg kjem over det, så no er eg i gang. 

 Den tek seg flott ut med litt siv i framgrunnen òg...nyebåten :-)
 

 Lasterommet fullt.

 Dagens fangst, lurer litt på om eg finn eigaren til symjefoten òg ein dag..

Dagens tur, 16,5 km.
Meir bilder finn du HER

09 september 2011

Ein liten solgløtt !

Om sommaren, når du trur at du skal padle mange og lange turar, skjer det så mykje anna at det blir ikkje nett sånn. I tillegg har det vore drittvêr siste tida, og ikkje mange dagane som har frista til padling, men i dag opna det seg ei lita luke, som Roy Ove og eg nytta. Vi fekk oss ein flott tur rundt Smelværet, over til Heggøyna og tilbake til Staveneset.

Ekspressbåten passerer Staveneset på veg nordover.

Roy Ove padla med ny åre i dag, lett og fin i carbon, importert via gode kontaktar frå Polen. Eg prøvde den og vart litevetta misunneleg.

Stolt Roy Ove med ny åre....

... og ein annan liten, eller stor, nyhet...


..ny ring !

Roy Ove og Marianne gav kvarandre sitt ja tidlegare i sommar, og bryllupet feira vi på MS Color Magic på veg til Kiel for ei veke sidan. Ikkje rart han er stolt !

Og naturen ville visst gratulere Roy Ove ôg, vi hamna i alle fall midt i eit skumparty vest om smelværet.

Skum...
..og kvite bøljetoppar.

 Pause, mat og kaffi.

 Nett so vidt vi kom oss gjennom Vaulen i Heggøyna utan å måtte dra båtane.


Fin tur på 15 km.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...