Innlegg

Toreheia 14. februar.

Bilde
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle og strauk til fjells. Eg er heldig som har finaste fjellet på heile vestlandet rett utanfor stovedøra med Toreheia på 717 moh. som høgaste toppen. Dit gjekk turen i dag. På Rindaseten. Opp her tek det ein halvtime, pluss/minus alt etter kor sprek du er. Etter ca. 2 timar i passeleg tempo inkl. pauser, frå Yndestad, er du på Toreheia, 717 moh. Florø til høgre og Kinn til venstre. Bråtebrenning på Stårøya ved Askrova.... ...og på Austneset i Værlandet? Stongfjorden. Blikkstille fjord. Her ser eg heim att, nesten nederst i bildet. Alden lengst ute. Krikavatna. Flott på Stavfjorden òg, men det vart ikkje padling i dag. Litlevatnet og Svartevatnet nærast.

Tur med overrasking!

Bilde
Torsdag var det flotte forhold for ein padletur til havs, kaldt, men lite vind og godvêr. Eg padla frå Staveneset utover til Heggøyna, der tok eg ein liten rast før eg padla over til Ongholmane sør i Smelværet. Her overtok eg plassen til ei ørn som som for sin veg då eg kom, og varma meg heimelaga betasuppe. God turmat, og ingenting er betre enn å ete ute på ein holme med ei fanastisk utsikt i nydeleg vêr. På veg inn att mot Staveneset ringde telefonen, og medan eg låg der og prata vart eg var det eg først trudde var ei nise...men var den ikkje uvanleg stor? Var det?....ja, der kom det opp ein til, og denne hadde ein mykje lengre ryggfinne enn den første! Spekkhoggar! Pulsen steig nokre hakk, og eg skunda meg å avslutte samtalen, for dette måtte eg ha bilder av! Avstanden var litt for stor, og eg låg ei stund og venta for å sjå om dei kom nærmare, men det gjorde dei ikkje. Eg fekk eit par bilder heldigvis, ikkje kvardagskost akkurat, så det er kjekt å ha det "dokumentert". D

Kom deg ut-dagen

Bilde
Det er nokre år sidan siste innlegget her, men eg tenkjer ofte på at det hadde vore kjekt å komme i gang igjen, og no gjer eg eit forsøk... Søndag 5. februar - kom deg ut-dagen.  Vi er no ganske flinke å komme oss ut egentleg, og i går vart det padling. Litt usikre vind-meldingar gjorde til at vi fann det best å halde oss i skjerma farvatn, og då er Flekkefjorden eit godt alternativ. Vi køyrde til Flekke og padla ut fjorden til Ungholmen. Der kosa vi oss med mat og varm kakao, før vi padla inn att. Nydleg tur på blikkstille fjord! Klar for tur.                 Blikkstille Hauglandsenteret/UWC Strandhogg. På Ungholmen Utpå igjen. Langs land. Flott natur. Litt kunst.. ..og litt til. Tordis i... ..Tordis. Inn att.  Litt plast og isopor fann vi på rasteplassen, som vart med heim att i bossdunken. Det monnar lite i forhold til dei enorme mengdene plastsøppel som flyt i hava og fjordane våre,

Kajakkholdar.

Bilde
I forbindelse med turen til Vigra  fekk eg i oppgåve å ta med Nukaen til Lene tilbake til Askvoll, noko som innebar at eg måtte ha tre kajakkar på biltaket. For å få plass til det, må dei stå på høgkant. Lene har eit Thule-stativ der kajakken står slik, men eg skulle feste to til. Det finnast ulike løysingar å få kjøpt, men eg fann til slutt ut at det snaraste og billigaste var å lage eit sjølv. Etter litt spekulering, kom eg fram til ei enkel og funksjonell løysing som eg laga i 40X40 firkantrør i aluminium. Kort og enkelt ein T som står på hovudet og som er festa til lastebøyelen med samme festa som er brukt på det "vanlege" Thulestativet der kajakken ligg. Stativet, eller holdarane, passar nok best til å feste to kajakkar, då får du "belasta" det begge vegar i toppen og unngår å dra det skeivt. På toppen er det påsveisa ei plate som stikk ca 5 mm ut om røret og hindrar festestroppene i å gli av. Kortenden på T-en, som dannar festet mot lastebøyelen, er 120 mm la

Vigra...i slutten av April.

Bilde
Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhelg med padling i ukjent farvatn. Vi vakna til sludd og kuling laurdagen, ikkje veldig fristande padlevêr, men det betra seg utover dagen og vi bestemte oss for å rulle og tulle litt på Blimsanden, lang og flott sandstrand som sikkert er folksam på fine sommardagar. I dag var det berre oss. Utan mat og drikke osv...Nina, Lene, Kenneth og Jason. Vi fekk oss nokre timar med skikkeleg trim, og god trening i å mestre bølgjene som braut innover stranda. Berre det å komme på flot i slike forhold var ei utfordring for oss som ikkje var vand med det, og å snu utatt i brytande bølgjer var ein øvelse også. Mykje bading vart det på enkelte av oss, andre mestra det betre, men artig hadde vi det, trass i kalde fingrar. Nina og Lene klar for bølgjene, Kenneth bak. Meg i action. Fotograf: Lene Lene sin versjon av dagen finn de HER   Sønd