stilna såpass ut på ettermidagen i dag at eg torde meg over til Kjeringeholmen frå Staveneset. Er ikkje så trygg åleine i krappe bølger. Drakk kaffi på holmen med flott utsikt inn att i fjorden og med eit yrande fugleliv rundt meg - dei er vel midt i etableringsfasen tenkjer eg.
Det bles friskt nord om Staveneset i dag så eg torde meg ikkje til havs. Heldt meg i livd på sørsida langs land for det meste med ein avstikkar bort på fjorden mot Follevåg. Heldt fylgje med ein oter som fiska langs land eit stykke, og forsøkte å få eit bilde av han utan å lukkast. Ein fin tur vart det no iallefall.