01 juli 2007

Solvorn 01.07-2007

Heim att i dag - frå Aurland tok vi vegen til Årdal og derifrå Tindevegen over til Turtagrø, vidare ned til Lustrafjorden og utover til Hafslo. Der tok vi avstikkaren ned til Solvorn. Vi tenkte å få oss middag på ærverdige Walaker Hotell, men det var for tidleg på dagen. Der satsa dei på middag om kvelden, av den litt meir eksklusive sorten kunne verten fortelle. Litt stive prisar både på overnatting og middag der i huset, men så absolutt verdt det - litt meir enn det "vanlege" forsikra han. Omgjevnadane var iallefall upåklaglege, eit flott hotell omkransa av ein nydeleg hage. Ei helg der står iallefall på ynskjelista mi. Svolten fekk vi stilt på Linahagen kafe eit steinkast unna, og det var slettes ikkje noko dårleg erstatning. Eg valgte lasagne, den var god den, men røykelaksen Magni åt var kjempegod ( fekk smake) Til dessert fekk vi suppe av rabarbra og jordbær med vaniljeis til - namnam. Så var det strake vegen heim. No er eg komen i godstolen - borte bra, men heime best....

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...