Eg tok litt forseinka påskeferie forrige fredag. Eigentleg hadde eg "fornuftige" ting å ta meg til, og starta dagen med eit ærend til Askvoll sjølv om vêret var knallflott og padlesjuka var påfallande. Men så fekk eg ein mms med bilde av ein kajakktupp på ein knallblå fjord nede på Karmøya og dermed forsvann all fornuft, eller kanskje var det fornuften som sigra ? Eg køyrde rett heim, pakka skipssekken og stakk til havs.
Det bar vestover gjennom Smelværet og ut til Blåna som ligg ca. 8 km vest om Staveneset. Mellom Smelværet og Blåna går ytre skipsleia, ikkje så tett trafikk, men dei fleste andre båtar går fort i forhold til kajakken og kan komme fort på.
Denne kom rett mot meg, men endra heldigvis (for han) kurs.
Ved Blåna.
Hadde tenkt å raste på Blåna, men det var så pass drag i sjøen at ilandstiging var vanskeleg. Eg padla vidare sørvestover til Hindøy og rasta istaden på ein holme der. Det var sommartemperatur i lufta og varmt i tørrdrakta, så eg vrengde av meg og fekk litt sol på ein vinterbleik kropp.
På ein holme ved Hindøy, utsikt mot aust.
Mot Herland
Mot Hovden på Atløy
Frå Heggøyosen mot Staveneset.
Vinden stilna heilt seint på ettermiddagen, og turen inn att gjekk på spegelblank overflate.
Eg avslutta turen med årets første sjøbad, kaldt og friskt !
Dagens tur, 22 km.
Fleire bilder HER
Viser innlegg med etiketten Hindøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hindøy. Vis alle innlegg
06 mai 2011
28 september 2010
Kaffibesøk på Tviberg.
Søndag 26. september hadde eg invitasjon til kaffi på Tviberg. Lene og Nina hadde padla utover frå Askvoll på lørdagen og overnatta i telt på vestsida av øya. Ein slik invitasjon kunne eg sjølvsagt ikkje sei nei til, i alle fall ikkje når søndagen rann med skyfri himmel og omtrent vindstille, med andre ord perfekt for ein tur til havs i kajakken. Eg padla frå Staveneset litt over kl.10, sette kursen sørvestover og brukte to timar på turen ut.

Damene hadde funne ein flott leirplass innerst i ein våg med fin sandbotn og med god plass til telt. Einaste som mangla var tilgang på godt vatn, men det er ikkje lett å finne nokon plass på øyane her ute. Eg kom akkurat tidsnok til lunch og kaffi ( skal ikkje røpe kven som hadde kokt kaffien, men han var jaggu framsynt) og etter at telt og soveposar var pakka i hop var vi klar for neste etappe, dvs først måtte vi ha eit gruppebilde.

Damene hadde padla på sørsida av Atløy og Tviberg på veg utover og ville padle på nordsida inn att og sørover Granesundet tilbake til Askvoll. Her er eg etter kvart godt kjent og kunne ta på meg rolla som guide. Vi padla over til Hindøya og på nordsida av denne, over Hindøysundet forbi Avløypet og over til Heggøyna. Der padla vi inn i Vaulen, og lånte oss eit bord på ei kai til ein rast og litt mat.

Vi rydda fint etter oss før vi tok til på siste etappe. Vi padla i lag nord om Heggøyna der turfølget mitt sette kursen mot Granesundet og Askvoll, og eg ei litt kortare distanse tilbake til Staveneset.
Dette vart faktisk lengste turen eg har padla, godt 27 km, men kva gjer ein ikkje for ein god kopp kaffi, kombinert med ein flott padletur i lag med spreke og kjekke jenter !
Lene og Nina padla 21 km. denne dagen og 19 dagen før, til saman 40 km.
Lene sin turrapport finn de HER.
Og fleire bilder frå ture finn de HER.

19 august 2009
Padletur Staveneset - Tviberg - Askvoll 18.08-09
Det tegna til å bli ein fin dag denne tirsdagen, så eg pakka "skipssekken", køyrde i Staveneset og sjøsette kajakken. Padla derifrå ca. 10.15 sørover forbi austsida av Heggøyna, vidare nord og vest om Hindøya og til Tviberg der eg gjekk i land i Staurvika. Der rasta eg ein god time, inntok niste og kaffi og rusla litt rundt. Derifrå padla eg vidare innover på sørsida av Atløy, gjennom Sauesundet og til Askvoll. Gjekk i land på Øyra i Askvoll litt over kl. 16 så eg brukte knappe 6 timar på turen som er ca. 25 km. Fleire bilder frå turen finn du her
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
Kristin, eldstejenta, har så vidt prøvd seg i kajakk før, og det har gitt meirsmak. Vi har snakka om ein padletur i lag ei stund, og søndag ...
-
Torsdag var det flotte forhold for ein padletur til havs, kaldt, men lite vind og godvêr. Eg padla frå Staveneset utover til Heggøyna, der t...
-
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...