19 august 2009
Padletur Staveneset - Tviberg - Askvoll 18.08-09
Det tegna til å bli ein fin dag denne tirsdagen, så eg pakka "skipssekken", køyrde i Staveneset og sjøsette kajakken. Padla derifrå ca. 10.15 sørover forbi austsida av Heggøyna, vidare nord og vest om Hindøya og til Tviberg der eg gjekk i land i Staurvika. Der rasta eg ein god time, inntok niste og kaffi og rusla litt rundt. Derifrå padla eg vidare innover på sørsida av Atløy, gjennom Sauesundet og til Askvoll. Gjekk i land på Øyra i Askvoll litt over kl. 16 så eg brukte knappe 6 timar på turen som er ca. 25 km. Fleire bilder frå turen finn du her
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
Når fruen har klubbkveld i heimen finn eg det best å "skygge banen", og kvelden var fin for ein tur til havs. Eg valde nytt utgang...
-
I forbindelse med turen til Vigra fekk eg i oppgåve å ta med Nukaen til Lene tilbake til Askvoll, noko som innebar at eg måtte ha tre kaja...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar