Då vekkerklokka ringde klokka åtte i dag tidleg, angra eg ei stund på at eg hadde avtalt padletur så tidleg som klokka ti frå Staveneset. Eg låg ei stund og kjende godt etter om eg ikkje egentleg var litt sjuk, slik at eg kunne melde avbud og legge meg til å sove igjen, for å bli vekt til ein god frukost i eit meir skapleg bel på ein farsdag. Det vart litt seint før eg kom i seng lørdagskvelden òg, - ein kveld i gode venners lag med god mat og litt for mykje god drikke - at ein ALDRI kan lære!
Etter kvart tok padlelysta overhand, så eg kom meg på føtene og etter eit par brødskiver med egg og ein god kopp kaffi til , såg eg atskilleg lettare på tilveret. Eg pakka skipssekken, henta Roy Ove, og klokka ti var vi i Staveneset der Odin allereie var komen. Vi fekk vatn under kjølen og sette kursen utover mot Kråka nord i Smelværet.
På veg ut frå Stavenesvågen.
Her ute bryt det på fleire grunner, og slike brot virkar som ein magnet på Roy Ove. Ikkje noko unnatak i dag, han måtte bort å prøve seg på det første og beste som bydde seg. Eg pleier å halde meg litt på avstand og heller vere klar med kameraet, men i dag gjekk det litt fort føre seg så bilder vart det ikkje. Eg skal ikkje sei kva som skjedde, men det var eg som måtte hjelpe Roy Ove opp att i båten. Ikkje noko dramatikk og ingen skader eller tap, så turen gjekk vidare.
Odin i sin "Lille sorte"
Roy Ove og Odin på Kråka.
Vi var i land på Kråka og fekk i oss litt mat og kaffi, og Odin hadde gode kaker i ein boks som vi smakte på, før vi padla vidare til neste brot som ikkje var langt unna. Roy Ove er ikkje skvetten, så han måtte prøve seg på ein surf igjen, og det var eg som måtte berge han denne gongen òg. Ikkje at det gjorde noko, det er greit å øve på kameratredning under realistiske tilhøve, men denne gongen var det ikkje like lett. Det var ei ganske kraftig bølge som tok han denne gongen, og den hadde faktisk klart å rive luka av fremste lasterommet, noko som sjølvsagt resulterte i at over halve båten var fyllt med sjø og baugen flaut tungt. Faktisk så tungt at eg ikkje greidde å løfte den opp på båten min for å få tømme den, sjølv ikkje om eg prøvde å løfte den når den låg opp ned. Eg prøvde å ta den opp med hekken først og dra den over båten min, men også dette vart for tungt. Vi la alle båtane i fåte med havaristen i midten slik at vi fekk den mest mulig stabil, og eg fekk pumpa litt vatn ut av lasterommet. Då greidde eg å løfte den inn på båten min, slik at vi fekk tømt den og vi kunne få mannen ombord igjen. Litt kald og våt var han, og luka var borte vekk, til liks med hua, så heilt utan tap var det ikkje denne gongen. Og ei erfaring rikare var vi og ; at det ikkje er for ingenting at det er vanntette skott i ein havkajakk, og at under andre tilhøve kunne ei slik hending fått dramatiske konsekvensar.
Vi lånte ei kai inne i Smelværet, og Odin hadde førstehjelpsutsyr til kajakk i kajakken, så ei provisorisk luke vart laga av eit sitteunderlag og MacGyver-tape før tilbaketuren.
Her er lasterommet midt i bildet tett.
Vi var tilbake i Staveneset i totida, knappe fire timar etter at vi la ut, og hadde tilbakelagt ca.11 km.
Padleruta.
Odin sin versjon av turen er HER
Fleire bilder frå turen HER
Takk for turen til Odin Og Roy Ove !
14 november 2010
29 oktober 2010
Operasjon kabeltrommel.
Forrige veke fekk vi første vinteren denne sesongen. Den kom overraskande tidleg, kalenderen er ikkje på langt nær ferdig med hausten, men heldigvis var det berre ein forsmak og no er hausten tilbake. Men snø er ingen hindring for kajakken, havet ligg der utan, og søndagen såg fin ut for ein tur. Eg sende tekstmeldingar til nokre av medlemmane i padleklubben lørdag for å få med fleire, og Nina ville vere med. Vi møttest i Staveneset i 11-tida søndag, og padla sørover til Heggøyna. Det var flo sjø og lett å komme gjennom Vaulen, som kan ligge heilt tørr på fjære sjø.
Gjennom Vaulen i Heggøyna.
Vi padla vidare over Smelværosen mot Smelværet, og ved Ognholmane vart Nina var eit skjær som virka litt "laust" i sjøen. Vi padla bort for å sjå, og skjæret viste seg å vere ein tom kabeltrommel som låg å duppa.
Stygg sak midt i leia !
Stygg og stygg, - den ser faktisk litt snill ut.
Men uansett, her kunne den ikkje ligge å reke til fare for båttraffikken. Etter teknikkurset i Bulandet for nokre veker sidan kjøpte eg meg taueline og den var god å ha no. Eg fekk lina rundt trommelen og tok til å dra på styggedommen.
Slepet er i gang.
Svintungt ! - og det var eit stykke til land, så eg tok til å angre på heile operasjonen og lurte litt på om eg heller skulle ringe lensmannen å la han ta saka. Men eg kunne sjølvsagt ikkje gi meg når det var dame til stades, så eg padla det eg var god for og trøysta meg med at det var god trim i alle fall, og smått om senn nådde vi Guridøyna der eg fekk trommelen på land. Puh ! Ei stri økt som eg kjende godt i armane.
Trommelen trygt plassert.
Vi padla inn i Smelværet og fann ly for ei regnbyge under ei låvebru for pause med niste og kaffi, eller solbærtoddy for Nina sin del. Solbærtoddy i poseform og varmt vatn på termos er glimrande turdrikke, spesiellt om vinteren.
I ly for regnet med god niste.
Vi hadde litt meir vind og sjø på turen inn att til Staveneset, utan at det gjorde noko, og leia var fri for flytande skjær.
Mot Staveneset.
Vi brukte ca. 4 timar på turen og padla ca. 13,5 km.
Takk for turen Nina !
Fleire bilder HER

25 oktober 2010
Haust.
Hausten byr på flotte fargar i naturen.
Magni og eg gjekk ei runde forrige søndag inn Solsidevegen. Ut att tok vi litt av industriminneløypa, - ned renna, over åsen og ned att i fjorden. Her er litt bilder frå turen.
Utsikt ut fjorden.
Storevatnet og Skålefjellet
Ved Litlevatnet
Haust i fjorden.
Fin tur til opparbeiding av matlyst, for heime på omnen sto fårikålen og godgjorde seg. Skikkeleg haustmat ! Heile albumet finn du HER.

23 oktober 2010
Sommarminner
I juni fekk eg besøk av Ole Andreas frå Stord. Han har eg padla med nokre turar i skjærgården vest for Fitjar, som til liks med Bulandet er eit padleeldorado.
Ole Andreas kom sjølvsagt med bilen full av padleutstyr og med kajakken på taket, og målet med turen var padling Bulandet. Vi hadde bestillt oss hytte i Gjørøyna, og innstallerte oss der før vi sjøsette båtane og padla rundt på nordsida.
Klar for tur.
Sandøyna.
Vi var i land på Sandøyna og åt nista ved fyret der. Det var klårt og fint ver, og vest i havet kunne vi skimte Gjøaplattformen, som vi begge jobba på eit par tre månader tidlegare, men som då låg ved kai på Stord.
Tilbake på hytta i kveldinga, og Ole Andreas fiksa middag som vi åt på hyttealtanen med god drikke til. Det var jonsokafta, så vi rusla ein tur og såg etter folk og bål, men det var ikkje mykje buledingane gjorde ut av kvelden. Vi fann eit nedbrent bål, men ikkje folk..
Dagen etter var det tur på Alden som sto på programmet, Vi køyrde inn i Værlandet og padla frå ferjekaia der over til Alden, Veret var ikkje så verst tidleg på dagen, men ut på ettermiddagen tjukna det til med skodde og regn.
På veg over til Alden.
Men på Alden skulle vi, til toppen sjølvsagt, eg måtte jo vise turfølget mitt den fantastiske utsikta derifrå. Optimistisk satsa vi på at regnet og skodda var av kortvarig art ( som vanleg her på vestlandet :-\ ) og la i veg oppover bakkane. Regnet og skodda tiltok i takt med høgdemeterane, og då vi sto ved varden på toppen var vi gjennomvåte og hadde sånn ca. 10 meter sikt.
Ved varden 480 m.o.h.
Det frista ikkje å ete nista her, så vi skunda oss ned att i fjæresteinane og låntok eit naust, der vi fekk i oss mat og varm kaffi.
Godt med kaffi !
Denne turen kom vi til å hugse lenge, det var vi einige om, og utsikta frå toppen får vi ha til gode til neste gong.
Vel tilbake på hytta fiksa Ole Andreas middag igjen (alltid like kjekt å vere på tur med kokekyndige) som vi skylte ned med god drikke. Men kaffien etter middag var det eg som laga, og den drakk vi med god drikke attåt.
Siste dagen, etter at vi hadde besøkt ein slektning av Ole Andreas som har hytte i Værlandet, padla vi ein tur rundt i Bulandet igjen.
Brua over Olssundet
Det var lite vind desse dagane, så dei store utfordringane fekk vi ikkje, men litt drag i sjøen gjorde til at vi fann ei og anna bølge som vi prøvde oss litt i. Men på dei fleste plassane det bryt er det som regel ikkje langt til fjell, så utan hjelm er det best å holde seg på trygg avstand. Og surfeekspertar er ingen av oss, men Ole Andreas fekk seg likevel ein flott surf eine dagen, på ei stor bølge som han kom flott ut av, til og med på rett kjøl.
Vi hadde tre flotte dagar her ute med turar på sjø og land og mange flotte opplevingar. Vi handla til og med på Joker i Bulandet frå kajakken, - ikkje mange plassar det går an.
Fleire bilder frå turen finn du HER
Og bilder frå turane med Ole Andreas i Fitjarskjærgården finn du HER og HER

15 oktober 2010
Stormsamling 2010
8. til 10. oktober var det Stormsamling i Bulandet i regi av Askvoll Padleklubb. Til saman var vi ca. 50 padlarar som inntok padleparadiset lengst vest i Askvoll kommune for å delta på ulike kurs og turar i kajakken. Mange reiste ut tidleg på fredag og fekk seg ein padletur på eit blikkstille hav med svake dønningar som ein "starter" på helga. Lene, Nina, Arinbjørn, Roy Ove og eg innstallerte oss på Buatoppen hos Gunnlaug / Bulandsferie. Roy Ove hadde laga god lasagne som han hadde med til middag fredagskvelden. Slett ikkje så dumt å ha ein kokk i leiren. Etter middag var vi i Floren til Liv Turid for informasjon om helga.

Gruppebilde i påvente av lasagnen. (Arinbjørn var ikkje komen)
Eg hadde meldt meg på teknikkurs som gjekk over to dagar, og måtte opp tidleg lørdagsmorgonen ( i motsetning til dei fleste andre eg budde i lag med som var meir som turistar å rekne ;-) ) Oppmøte i kajakken kl. 09.00 ved butikken, og det tek litt tid å få på seg utstyret og pakke kajakken. Vi var 5 stykker på kurset, ein passeleg stor gjeng som vår dyktige instuktør Camilla heldt god styring på.
Her er det kursstart med presentering av instruktør og deltakarar.
På teknikkurset lærer vi ulike padle og svingteknikkar, eigenredning og kameratredning, litt om ulike kajakk og åretypar og om sikker padling i forhold til ver og vind. Eit nyttig kurs som alle som padlar på hav bør ta.
På teknikkurs.
Nyttig ja, men travelt ! Etter ein heil dag med baugtak, krysstak, valmtak, krysstak, styretak, skifertak, dratak, krysstak, høgvannstak, lågvannstak (eller var det høgt og lavt støttetak ??) hengetak, telemark, sculling og tulling og.... krysstak..., trur eg dei fleste av oss etter kvart kjende at vi hadde nokre musklar som vi ikkje viste at vi ikkje hadde i sete og lår.
Camilla demonstrerer "stand up paddling" i havkajakk. Ikkje pensum på kurset...heldigvis.
Lørdagskvelden var det samling i Floren att, og vi fekk knallgod breiflabb og dessert, som vi med godt samvit kunne unne oss litt ekstra av.
Tidleg opp på søndagen og for min del, og kl. 09.00 var vi i gang att. Vi starta med litt repetering av gårsdagens lærdom, før vi etter kvart gjekk over til meir redningsøvelsar. Tauing av "pasient" og redning og tauing i litt meir utfordrande forhold. Det var litt meir vind søndag, rundt 10 m/s, og det merkast godt når du padlar i mot, og spesiellt når ein prøvar å slepe to kajakkar samtidig. Men god trening er det !
Kursavslutning i totida, og då var det berre å komme seg i ferjekøa i Værlandet. Ferja inn att var full og vel so det, av bilar, kajakker og meir eller mindre slitne og fornøgde padlarar. Flott og lærerik padlehelg i lag med knakande kjekke folk.
Men storm fekk vi ikkje !
Lene sin turrapport frå helga finn du HER
Odin sin HER
Og fleire bilder frå samlinga finn du HER og HER

04 oktober 2010
Takk til Aktiv AS
Eg har fått meg ny tørrdrakt ! Den første, som eg kjøpte hos Aktiv AS for godt to år sidan, var ikkje tett og eg vart våt på føtene når eg låg i sjøen. Etter litt fram og tilbake fekk eg no på lørdag bytta drakta i ei ny Kokatat Expedition mot å betale eit mellomlegg. Ein god deal for meg i alle fall, og eg er godt nøgd med løysinga og servicen eg har fått på Aktiv AS.
Så no er eg klar til Stormsamling og teknikkurs i Bulandet til helga, og til vintersesongen i kajakken :))

28 september 2010
Kaffibesøk på Tviberg.
Søndag 26. september hadde eg invitasjon til kaffi på Tviberg. Lene og Nina hadde padla utover frå Askvoll på lørdagen og overnatta i telt på vestsida av øya. Ein slik invitasjon kunne eg sjølvsagt ikkje sei nei til, i alle fall ikkje når søndagen rann med skyfri himmel og omtrent vindstille, med andre ord perfekt for ein tur til havs i kajakken. Eg padla frå Staveneset litt over kl.10, sette kursen sørvestover og brukte to timar på turen ut.

Damene hadde funne ein flott leirplass innerst i ein våg med fin sandbotn og med god plass til telt. Einaste som mangla var tilgang på godt vatn, men det er ikkje lett å finne nokon plass på øyane her ute. Eg kom akkurat tidsnok til lunch og kaffi ( skal ikkje røpe kven som hadde kokt kaffien, men han var jaggu framsynt) og etter at telt og soveposar var pakka i hop var vi klar for neste etappe, dvs først måtte vi ha eit gruppebilde.

Damene hadde padla på sørsida av Atløy og Tviberg på veg utover og ville padle på nordsida inn att og sørover Granesundet tilbake til Askvoll. Her er eg etter kvart godt kjent og kunne ta på meg rolla som guide. Vi padla over til Hindøya og på nordsida av denne, over Hindøysundet forbi Avløypet og over til Heggøyna. Der padla vi inn i Vaulen, og lånte oss eit bord på ei kai til ein rast og litt mat.

Vi rydda fint etter oss før vi tok til på siste etappe. Vi padla i lag nord om Heggøyna der turfølget mitt sette kursen mot Granesundet og Askvoll, og eg ei litt kortare distanse tilbake til Staveneset.
Dette vart faktisk lengste turen eg har padla, godt 27 km, men kva gjer ein ikkje for ein god kopp kaffi, kombinert med ein flott padletur i lag med spreke og kjekke jenter !
Lene og Nina padla 21 km. denne dagen og 19 dagen før, til saman 40 km.
Lene sin turrapport finn de HER.
Og fleire bilder frå ture finn de HER.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
Torsdag var det flotte forhold for ein padletur til havs, kaldt, men lite vind og godvêr. Eg padla frå Staveneset utover til Heggøyna, der t...
-
Kristin, eldstejenta, har så vidt prøvd seg i kajakk før, og det har gitt meirsmak. Vi har snakka om ein padletur i lag ei stund, og søndag ...