I dag var det flott ver for ein padletur, stillt og fint og med gode meldingar for resten av dagen. Når forholda er slik kan eg tore meg til havs åleine, så etter å ha pakka med meg det nødvendige, køyrde eg i Staveneset og sjøsette kajakken. Såg Arild for ut fjorden i "Balja" før eg for heimanfrå,- tippa han var i Heggøyna så eg sette kursen dit. Fann han i full gang med å ordne opp etter stormen forrige helg. Vi slo av ein prat før eg sette kursen vidare mot Smelværet. Hadde tenkt meg i land der for å ta meg ein kopp kaffi og niste, men såg at eg hadde litt knapp tid, så det vart ein sjokolade i kajakken før eg sette kursen tilbake mot Staveneset. Vart innhenta av Arild som var på veg innatt i fjorden. Han tek litt bilder på turane sine han og, - bloggen hans finn du
her.
Vel tilbake i Staveneset vart det ein rask dukkert i fjorden før eg køyrde heim. Ein kald og frisk avslutning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar