14 juni 2009

Søndagsfri og sykkeltur. .


...til Brandasund nord på Bømlo

På 12-9 rotasjon har vi fri søndagen midt i turen. Den kan bli lang og kjedeleg dersom ein ikkje finn på noko å ta seg til. Stord og naboøyane har flott natur å tilby både til fjellturar, sykkelturar og kajakkturar. I dag vart det sykkeltur til Brandasund som ligg nord i nabokommunen Bømlo. Ein flott tur, - først over bruene i trekantsambandet over til Bømlo og vidare nordover til øyar og holmar som er samanbundne med bruer heilt nord til Brandasund, då kjem du ikkje lenger landevegen. Dit er det ca. 43 km frå Leirvik. Eg tok meg god tid i fineveret, hadde med meg niste som eg inntok i Brandasundet, med kaffi attåt som eg kjøpte på søndagsopen butikk der. Søndagsopen butikk var det rett over sundet og, - på Skjeret. Eg fekk òg gå inn i gamlebutikken som "Nillo på Skjeret" dreiv i 70 år og som var viden kjend. No er det sonen hennar som driv ny landhandel rett attmed - ikkje noko Rema 1000 der i gården, men ein god gammaldags butikk med rikt utval. Kjekt å finne i våre dagar.
Bilder frå turen finn du her.

Ingen kommentarer:

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...