16 januar 2011

Grått og vått.

Det har vore eit skikkelig grisevêr i helga, men eg hadde bestemt meg for ein padletur, så i dag køyrde eg i Flokeneset og sjøsette der. At eg valde Flokeneset var mest for å komme i ly for sønnavinden, men og fordi det er eit flott padleterreng med holmar og skjær og mange flotte vikar. Det regna ikkje då eg gjorde meg klar og la i frå land, men det gjekk ikkje lang tid før det hølja ned igjen, og det gjorde det stort sett heile turen. Godt å ha tørrdrakt når det er like vått (nesten) over vassflata som under.

Ut frå Flokenesvågen.

Skarv ved Flokeneslykta.

Eg padla ut til Flokeneslykta før eg sette kursen sør og vestover mot Stavestranda. På avstand ser terrenget frå Vågane og utover stranda kjedeleg ut, men på nært hold er det langt meir spennande med holmar og vikar utover.

Fiskematautomat.


Frå Holmen.

Strandhogg ved Holmen, - måtte snu båten for å sleppe å ause.

Vestover frå Holmen.

Eg var i land ved Holmen, som ligg vest på Stavestranda, men det vart ein kort rast i grisevêret. Slike dagar hadde det vore kjekt med eit lite telt som er enkelt og kjappt å slå opp, slik at kaffien ikkje blir så tynn og kald på ein augneblink, - nokon som har eit godt tips ?

Ser du godt etter finn du ein oter som nett har oppdaga meg. Sekundet etter var den borte. (Alle bilda er klikkbare, og klikkar du ein gong til får du dei i full størrelse)

Returen padla eg langs land innover til Nærvika og Bråtevika. Oter såg eg fleire gonger på turen, og mykje fugl. Mest skarv, og inne på Vågøyna letta det ei stor havørn då eg for forbi.
Høgeloftet - tøfft namn på ein tøff holme.

Hyttefeltet i Nærvika.

Frå Nærvika

Frå Flokenesvågen.

Flokeneskaia.

Eg var tilbake i Flokeneset i halv fire tida, fire timar etter at eg starta. Tett opp under 17 km vart det i dag.
Heile albumet frå turen HER

1 kommentar:

Odin Hestholm sa...

Dette området såg spennande ut! Du får ta med meg ein annan gong, Kjell!

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...