19 mai 2011

Trefotskjæret 4. mai

Når fruen har klubbkveld i heimen finn eg det best å "skygge banen", og kvelden var fin for ein tur til havs. Eg valde nytt utgangspunkt for turen i kveld og køyrde i Grimelia, eller nærare bestemt Stubseidvågen. Eg har alltid stussa litt over at det heiter Stubseidvågen her på nordsida av Stavenesodden, og Stubseid på sørsida, men ein god plass å sjøsette på er det no uansett.

Stubseidvågen, eller Vågen som vi plar seie.

Grimelia.

Innover Førdefjorden, Staurholmen t.h.

Eg padla over Stavfjorden og nordover langs vestsida av Svanøy eit stykke, før eg sette kursen vestover mot Tansøyosen og Trefotskjæret.

Frå Trefotskjæret mot Tansøya.

Nordover Tansøyosen frå Trefotskjæret.

Litt båttrafikk nordover skipsleia.

Eg såg fleire store flokkar grågås (trur eg) på veg nordover.

Eg rasta på skjæret før eg sette kursen over Stavfjorden att, og det var nesten mørkt då eg kom tilbake.

Padleruta, knappe 16 km. vart det i kveld. (kart frå Statens Kartverk og GisLink)

Eg passerte halvvegs til distansemerket i bronse på denne turen, godt 200 km av 400 unnagjort !
Fleire bilder HER

3 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Eg syns bileta dine vert mindre og mindre? Så flotte bilete som du tek, så må du blåse dei opp!

Kjell Yndestad sa...

Var ikkje klar over at det gjekk an Odin, men no veit eg det :-) Takk for kommentar og tips !

Marianne sa...

Fantastisk bilde av gjess i himmelen! - der har du hatt med deg både øyne og fingre - Og så har du bra kontroll på distansemerket forstår jeg :-)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...