21 september 2011

Storfint besøk !

Det er ikkje så ofte at eg padlar her inne i fjorden, men når sjølvaste Christian Radich ankra opp inne på bukta i dag føremiddag måtte eg utpå for å ta skuta nærare i augesyn. Eg måtte gni meg i auga då eg såg den kom glidande inn fjorden, for det er ikkje akkurat kverdagskost å sjå ein fullriggar her inne.

 SS Christian Radich for anker i Stongfjorden.

Gallionsfiguren, skipets sjel og lykkebringer.

Flott skute

Ombord var det ein gjeng befalsstudentar på kurs, og grunnen til at dei hamna i Stongfjorden var rett og slett fordi dei ville finne smult farvatn.

Måtte ha eit bilde med kajakktupp.

Vakker skute i vakker bygd.

Det var fleire som tok bilder av skuta i dag, Janne sine finn du HER


3 kommentarer:

Janne's Photography sa...

Flotte bilder Kjell, såg du var ute å padla:-))) kjekt du linka til mine bilder også:-)))

Kjell Yndestad sa...

Takk for det Janne, flotte bilda dine òg.

Liv sa...

Flott fotografert, Kjell !!
Kjekt å sjå bildene dine - i Firda også :)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...