25 oktober 2011

Sol, vind og bølgjer.

Vi var tidleg på`an i dag, Roy Ove og eg. I kajakkane før sola hadde nådd Staveneset, så den helsa vi velkommen i rom sjø.

Good morning sunshine !

Vi har hatt lite godvêr i haust, men no har vi hatt eit par dagar med sol og nesten sommartemperatur, i alle fall om årets sommar skal brukast som mal. Godt å komme seg til havs slike dagar.
Medbør utover mot Kråka, og vi padla på utsida av Smelværet der vi hadde selskap av mykje skarv som sirkla rundt oss og ei ørnepar som heldt auge med oss frå høgste punktet på ei av dei mange øyane her ute.

 Roy Ove prøvde seg på ein surf.

 Tidleg lunch på Storøyna, før vi tok fatt på returen. Vi fann ei livbøye på eit svaberg som vi festa bak på kajakken min og tenkte å ta med heim att.

Livbøye, ein gong heimehøyrande på Stornes av Rotterdam.

Vinden og bølgjene hadde auka på og no hadde vi motbør. Meldingane hadde lovt 10 m/sek vind og det hadde vi nok, og meterhøge bølgjer, så vi fekk god trim den timen vi brukte inn att. Bøya la seg på skeive og streka merkbart, så den måtte vi la segle sin eigen sjø, det var tungt nok utan.
Tilbake i Staveneset litt før kl. eitt, ca 3,5 timar etter at vi for.


Flott tur på 12 km.

Ingen kommentarer:

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...