03 januar 2009

Skumring


Vinter i Stongfjorden
Padletur 3.juledag 2008
Roy Ove og eg hadde ein fin tur 3.Juledag frå Staveneset og ut i Smelværet. Vi padla nord om Kråka og vidare nord og vest om Sandholmane, og der var sjøen noko grovare enn bilda viser her. Det var vindstille, men dønningane frå havet braut langs med heile nodvestvestsida av øygruppa, Vi kom oss inn i smulare vatn rett sør om Ramsøyna. Der kom vi på ein heil flokk sel på eit skjer, som var snare å komme seg i sjøen når vi nerma oss. Men nyskjerrige som dei er låg dei å kikka på oss når vi passerte, sikkert 8-10 svarte hovud som stakk opp av havflata. Det er grunnt her inne mellom holmane og på vinterstid er sjøen heilt klår, så det er fint å studere sjøbotnen og livet der når vi fer stille gjennom sunda. Som alltid går tida fort på padleturane våre, og sola gjekk ned og det var så smått begynt å mørkne før vi var tilbake i Staveneset. Bilda er tatt med mobilkamera.

04 november 2008


Padletur 04.11.08
I dag var det flott ver for ein padletur, stillt og fint og med gode meldingar for resten av dagen. Når forholda er slik kan eg tore meg til havs åleine, så etter å ha pakka med meg det nødvendige, køyrde eg i Staveneset og sjøsette kajakken. Såg Arild for ut fjorden i "Balja" før eg for heimanfrå,- tippa han var i Heggøyna så eg sette kursen dit. Fann han i full gang med å ordne opp etter stormen forrige helg. Vi slo av ein prat før eg sette kursen vidare mot Smelværet. Hadde tenkt meg i land der for å ta meg ein kopp kaffi og niste, men såg at eg hadde litt knapp tid, så det vart ein sjokolade i kajakken før eg sette kursen tilbake mot Staveneset. Vart innhenta av Arild som var på veg innatt i fjorden. Han tek litt bilder på turane sine han og, - bloggen hans finn du her.
Vel tilbake i Staveneset vart det ein rask dukkert i fjorden før eg køyrde heim. Ein kald og frisk avslutning.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...