29 mai 2010
27 mai 2010
18 mai 2010
17. mai på Stavfjorden
Frå ein kveldstur med Roy Ove frå Staveneset til Smelværet etter folkefesten i Grendahuset 17.mai. Fleire bilder her.
10 mai 2010
Padletur 08.05.2010
Litt vind og bølger frå nordvest møtte oss i Staveneset lørdag ettermiddag,men vi sette kursen rett i mot og padla på austsida av Ryggene og vidare utover, der sjøen vart grovare etter kvart, før vi snudde sørvestover mot Kråka. Der pausa vi litt med den obligatoriske nista og kaffien, før det bar ut i bølgene igjen. Roy Ove først for eg ville ta litt bilder med fast grunn under føtene, men det var vanskeleg å få gode bilder med sterkt motlys og ein fotograf som ikkje har lært seg alle triksa. Vinden hadde friskna på ein del og dreia meir på nord, så eg var litt uroleg med tanke på tilbaketuren. Men det gjekk heilt fint, faktisk hadde vi det ganske moro i godt meterhøge bølger med kvite toppar tilbake mot Staveneset. Flott tur.

09 mai 2010
Fanafjellet 09.05.2010
Vi kom oss litt seint i gang i dag, fruen og eg, så godveret på føremiddagen gjekk vi glipp av. Det hadde skya over då vi la i veg mot Fanafjellet og fjelltrimposten der. Det viste seg at Gisle hadde same mål i dag, så vi slo følgje og det var bra, for utan han hadde det vore vanskeleg å finne boka på Fanafjellet, for den ligg på Nyken. Turen var fin den, sjølv om veiret kunne vore betre.

02 mai 2010
Fin fjelltur med fruen i litt kald nordatrekk og antydning til snøbyer, men der det var livd varma sola godt likevel. I sekken hadde vi niste og kaffi som vi inntok i ein skråning på Yndestadhøgeheia med flott utsikt ut fjorden og langt til havs. Fleire bilder her
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...

-
Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhel...
-
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
I år har eg sett meg som mål, i lag med eit par tre andre i klubben, å padle til Norges Padleforbubd sitt distansemerke i bronse. Då må eg ...