14 november 2010

Ei erfaring rikare.

Då vekkerklokka ringde klokka åtte i dag tidleg, angra eg ei stund på at eg hadde avtalt padletur så tidleg som klokka ti frå Staveneset. Eg låg ei stund og kjende godt etter om eg ikkje egentleg var litt sjuk, slik at eg kunne melde avbud og legge meg til å sove igjen, for å bli vekt til ein god frukost i eit meir skapleg bel på ein farsdag. Det vart litt seint før eg kom i seng lørdagskvelden òg, - ein kveld i gode venners lag med god mat og litt for mykje god drikke - at ein ALDRI kan lære!
Etter kvart tok padlelysta overhand, så eg kom meg på føtene og etter eit par brødskiver med egg og ein god kopp kaffi til , såg eg atskilleg lettare på tilveret. Eg pakka skipssekken, henta Roy Ove, og klokka ti var vi i Staveneset der Odin allereie var komen. Vi fekk vatn under kjølen og sette kursen utover mot Kråka nord i Smelværet.
På veg ut frå Stavenesvågen.

Her ute bryt det på fleire grunner, og slike brot virkar som ein magnet på Roy Ove.  Ikkje noko unnatak i dag, han måtte bort å prøve seg på det første og beste som bydde seg. Eg pleier å halde meg litt på avstand og heller vere klar med kameraet, men i dag gjekk det litt fort føre seg så bilder vart det ikkje. Eg skal ikkje sei kva som skjedde, men det var eg som måtte hjelpe Roy Ove opp att i båten. Ikkje noko dramatikk og ingen skader eller tap, så turen gjekk vidare.
Odin i sin "Lille sorte"

Roy Ove og Odin på Kråka.

Vi var i land på Kråka og fekk i oss litt mat og kaffi, og Odin hadde gode kaker i ein boks som vi smakte på, før vi padla vidare til neste brot som ikkje var langt unna. Roy Ove er ikkje skvetten, så han måtte prøve seg på ein surf igjen, og det var eg som måtte berge han denne gongen òg. Ikkje at det gjorde noko, det er greit å øve på kameratredning under realistiske tilhøve, men denne gongen var det ikkje like lett. Det var ei ganske kraftig bølge som tok han denne gongen, og den hadde faktisk klart å rive luka av fremste lasterommet, noko som sjølvsagt resulterte i at over halve båten var fyllt med sjø og baugen flaut tungt. Faktisk så tungt at eg ikkje greidde å løfte den opp på båten min for å få tømme den, sjølv ikkje om eg prøvde å løfte den når den låg opp ned. Eg prøvde å ta den opp med hekken først og dra den over båten min, men også dette vart for tungt. Vi la alle båtane i fåte med havaristen i midten slik at vi fekk den mest mulig stabil, og eg fekk pumpa litt vatn ut av lasterommet. Då greidde eg å løfte den inn på båten min, slik at vi fekk tømt den og vi kunne få mannen ombord igjen. Litt kald og våt var han, og luka var borte vekk, til liks med hua, så heilt utan tap var det ikkje denne gongen. Og ei erfaring rikare var vi og ; at det ikkje er for ingenting at det er vanntette skott i ein havkajakk, og at under andre tilhøve kunne ei slik hending fått dramatiske konsekvensar.
Vi lånte ei kai inne i Smelværet, og Odin hadde førstehjelpsutsyr til kajakk i kajakken, så ei provisorisk luke vart laga av eit sitteunderlag og MacGyver-tape før tilbaketuren.
Her er lasterommet midt i bildet tett.

Vi var tilbake i Staveneset i totida, knappe fire timar etter at vi la ut, og hadde tilbakelagt ca.11 km.

Padleruta.

Odin sin versjon av turen er HER
Fleire bilder frå turen HER
Takk for turen til Odin Og Roy Ove !

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...