04 november 2008


Padletur 04.11.08
I dag var det flott ver for ein padletur, stillt og fint og med gode meldingar for resten av dagen. Når forholda er slik kan eg tore meg til havs åleine, så etter å ha pakka med meg det nødvendige, køyrde eg i Staveneset og sjøsette kajakken. Såg Arild for ut fjorden i "Balja" før eg for heimanfrå,- tippa han var i Heggøyna så eg sette kursen dit. Fann han i full gang med å ordne opp etter stormen forrige helg. Vi slo av ein prat før eg sette kursen vidare mot Smelværet. Hadde tenkt meg i land der for å ta meg ein kopp kaffi og niste, men såg at eg hadde litt knapp tid, så det vart ein sjokolade i kajakken før eg sette kursen tilbake mot Staveneset. Vart innhenta av Arild som var på veg innatt i fjorden. Han tek litt bilder på turane sine han og, - bloggen hans finn du her.
Vel tilbake i Staveneset vart det ein rask dukkert i fjorden før eg køyrde heim. Ein kald og frisk avslutning.

10 august 2008

Dugnad i markja 10.08-08
Søndag
var vi nokre stykker som rydda og merka sti frå Gjeredalen inn i Trengjaskaret, vidare over åsen forbi Svanetjønna ned til demma og derifrå ned "renna" og over til det gamle inntakskammeret.

Dugnad i markja. .



Tall Ships i Askvoll
Denne
veka har Askvoll hatt besøk av fleire båtar som deltek Tall Ships` Races. Båtane har ei "sjarmøretappe" frå Måløy til Bergen og er innom fleire havner langs kysten og inn i fjordane. Torsdag kom den meksikanske skuta "Cuauchemoc" , og mykje folk var samla Gamlekaia for å sjå.

09 august 2008

Tur til Preikestolen

Ferietur 2008



Ein ferietur måtte vi ha i år og fann vi ut, og i år fall valget på Preikestolen i Lysefjorden. Vi reiste heimanfrå lørdag 2. august og køyrde via Voss og Røldal til Sand i Ryfylke der vi overnatta på Ryfylke Fjordhotell. Søndag bar det vidare til Jørpeland og Preikestolhytta som er utgangspunktet for turen opp på Preikestolen. Turen går i forholdsvis lett terreng og vi brukte godt 1,5 time ein veg, så det er ikkje noko krevjande tur. Vi hadde vekslande ver med nokre lette regnbyger imellom, men tempraturen var fin. Mykje folk i all slags kle og sko og paraplyar gjorde turen spesiellt interessant, og utsikta frå Preikestolen med Lysefjorden 604 meter under er upåklageleg. Ein tur som er verdt å ta.
Vi tenkte å overnatte på Preikestolhytta, men det var ikkje rom i herberget så vi køyrde tilbake til Tau og tok ferja ovrt til Stavanger. Der fekk vi oss hotellrom, og etter ein dusj tok vi ein tur på byen og fekk oss ein sein middag. Mandag køyrde vi nordover til Skånevik og vidare til Rosendal der vi besøkte Baroniet, før vi fortsette til Bergen og overnatta der i leiligheta til Kristin. Etter litt trakking og små-shopping i Bergens gater på tirsdag sette vi kursen nordover og var heime i kveldinga. Fint å få "lufte" seg litt i ferien.

29 juli 2008

26 juli 2008

04 juli 2008

Kristin og Roger på altanen i kveld



Bilder frå ein søndag

Søndag 29.06-08
Eg har vore litt sløv med blogginga i det siste, men no har eg tenkt å skjerpe meg. I dag er det 4. juli, og eg kan jo starte med å "oppdatere" om meg sjølv litt. Eg er tilbake i reisejobb og går 12/9 rotasjon på Aker Solutions på Stord no. Der bygger vi 2 borerigger til Røkke, Aker Spitsbergen og Aker Barens. Den første er snart ferdig og den andre blir løfta opp på understellet (skroget) i desse dagar.
Akkurat no er eg heime på fri, og dei siste dagane har vi hatt skikkelig flott sommarver med nærmare 30 grader i skuggen. Det innbyr til litt slaraffenliv i fjæra og på altanen,- vi får nyte det når vi har det, så får det heller våge seg at det er mykje arbeid som skulle vore gjort.
Ellers blir det no ein og annan padletur og fjelltur innimellom, og litt bilder har eg tatt og som du finn på albumsida mi.
Og som sagt - eg skal prøve å bli litt flinkare med å oppdatere her :-)

01 mai 2008

Padletur 29.04
Padla frå Staveneset til Heggøyna tirsdag denne veka, rundt på sørsida og vestsida med utsikt rett til havs i rolege dønningar. Fant ei spennande bølge på nordvest sida som må utforskrast seinare. Eg vart varm i drakta på den vel 12 km. lange turen så det gjorde seg med ein kald dukkert vel tilbake i Staveneset. Årets første sjøbad unnagjort :-)

27 april 2008



Padletur søndag 27.04

Vinden
stilna såpass ut ettermidagen i dag at eg torde meg over til Kjeringeholmen frå Staveneset. Er ikkje trygg åleine i krappe bølger. Drakk kaffi holmen med flott utsikt inn att i fjorden og med eit yrande fugleliv rundt meg - dei er vel midt i etableringsfasen tenkjer eg.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...