26 juni 2011

Blåna 19. juni.

Tur åleine frå Staveneset utover forbi Kråka og ut i ytre leia. Godt å merke at det hadde vore lite vind i det siste, for her ute er det sjeldan så stille og utan dønningar som i dag. Lite vind var det også for eit par seglbåtar på veg nordover, men seglarar har vel som oftast god tid.

Denne trur eg hadde tysk flagg.

Eg padla ut til Blåna, og i dag var det så lite drag i sjøen at det var råd å komme seg på land utan å risikere liv og lemmar.

På Blåna


Lavt skydekke og Alden er halvert.

 Inn att mot Smelværet og Staveneset.

Been there.

Turen inn att gjekk strake vegen.
17,6 km vart det i dag.

24 juni 2011

Til fjells med Nordre Askvoll Helselag

Onsdag i forrige veke var eg med som kjentmann på Skylefjellet i lag med 11 sprekingar frå Nordre Askvoll Helselag.  Vi starta frå Yndestad og gjekk stien som no blir rydda og merka i regi av Kystarven.

Fin tur i fint vêr, her er vi opp i høgda kommen og har utsikt vestover Stavenesodden.


Her er vi samla på toppen.

Flott utsikt mot Svanøy og vidare nordover mot Florø.

Ved Mangevatna på veg ned att.

21 juni 2011

Tur til Reksta og Kinn 1. pinsedag.

Ikkje i kajakk i dag, litt større båt og med 50 hk montert på hekken til hjelp.

 Og med plass til fruen.

Silkeføre på Stavfjorden.

Vi var vel egentleg på blåtur og hadde ikkje bestemt kor vi skulle. Det var stilt og fint på Stavfjorden så vi sette kursen nordover til Askrova.

Gjennom Tansøysundet.

Askrova.

Vi heldt fram nordover til Reksta og gjorde strandhogg i Rekstavågen.

Rekstavågen.

På Reksta var det "hinderløype" på vegen.
Sauene her ute skit ikkje i maten kan det sjå ut til...


Sauer ja..eller er det geiter ? Sauegeiter ?
Ytre Reksta


Flott utsikt har dei her.


Og eit flott tun.

Tilbake i båten gjekk turen vidare utover til Kinn, her frå Kinnasundet mot Batalden.


Rognaldsvågen.

Kinn med Kinnaklova


Heimturen gjekk strake vegen..

09 juni 2011

Danske på langtur!

Den siste tida har eg fulgt med bloggen og GPSèn til Erik B. Jørgensen frå Danmark, som er på skikkelig langtur; Skandinavia rundt i kajakk. Han starta på grensa mellom Russland og Norge, ved Grense Jakobselv den 5. april, og skal padle langs kysten av Norge, Sverige og Finland heilt til grensa mellom Finland og Russland. Ei strekning på mellom 7200 og 7400 km. som han har planlagt å bruke eit halvt år på.  Ikkje skvetten den karen.
Mandag ettermiddag nærma han seg Staveneset, og eg fann ut at eg skulle padle ut å helse på han. Stillt og fint på Stavfjorden, men det sipregna og skodda hang heilt ned i fjæresteinane. Dårleg sikt med andre ord, og nokon padlar kunne eg ikkje sjå. Eg tok ein telefon og fekk sjekka posisjonen til eventyraren, og det viste seg at han mest truleg hadde slått leir for natta på Svanøy.
Jaja tenkte eg, eg er komen i kajakken og er gira på tur, så eg sette kursen nordover i skoddeheimen og håpa det ville lette såpass etter kvart at eg fann fram.
 Dei kom til syne etter kvart, øyane nord om Stavfjorden.

Og det gjorde Svanøya og.

 Etter litt leiting fann eg leiren i ei skjerma bukt heilt sørvest på øya.

Det virka stille, og eg lurte ei stund på om Ole Lukkøye hadde vore der alt, så eg prøvde med eit forsiktig "hallo" og det vart straks litt meir liv i leiren.
 Erik, sprek eventyrar.

Det var verken tid eller vêr til nokon lang visitt, men vi hadde ein kjekk prat om felles interesser før eg  måtte ta fatt på heimvegen. Vêret hadde letta litt, og eg såg Staveneset heile tilbaketuren.

 Staveneslykta.

Eg kom 20 km. nærmare målet mitt for i år på denne turen, 400 km, men dansken sitt mål er 18 ganger den distansen, på halve tida !....jaja.



Dansken sin versjon av visitten finn du HER

Smelværet 5. juni

Søndag og fint vêr, om enn litt kaldt til juni å vere, og endeleg padletur igjen. Ein månad sidan sist, både for Nina og min sin del, så det gjorde godt å komme seg i kajakken. Vi padla ut til Kråka og sørover på vestsida av Smelværet.
 Sandholmane nord i Smelværet.

 Smelværet er eit av altfor mange naturreservat i Askvoll.  Stort sett alle øyane og holmane bortsett frå den største, Storøyna, er verna for å gi fuglelivet her ute gode vilkår. Det betyr at ilandstiging i hekketida frå 1.april til 31. juli er forbode. Det er ikkje alltid like lett å hugse, men det gjorde vi i dag og padla snillt forbi.


Litt av fuglelivet vi såg i dag.

At fuglen likar seg her er lett å sjå, her er alltid eit yrande liv og mange ulike artar. Og Lene, i dag kom vi over ein bra stor flokk med ærfugl, og det er ikkje første gangen heller...so da so !

 Vi rasta sør på Storøyna med flott utsikt mot Herland, Tviberg og Alden.

På veg inn att mot Staveneset.

Frå Staveneset.

Nok til ein kajakk.

Frå Stavenesvågen.
Dagens tur, 13,2 km

Takk for fin tur Nina !





01 juni 2011

Makarska i mai.

På seinvinteren var fruen lei av snø og kulde, og sette seg til å bla i sydenkatalogar. Valget fall på Makarska i Kroatia, og tidleg om morgonen lørdag 7.mai forlot vi eit regnvått Flesland. Knappe tre timars flytur til Split, og ein time sørover kysten i buss og reisemålet var nådd.  Makarska-rivieraen og byen Makarska har flott natur å by på; blått Adriaterhav, kvite strender, koselege småbyar, og dei majestetiske Biokovofjella ruvande over.
Tidleg i sesongen og god plass i fjæra.

Makarska og fjella. Toppen midt på bildet heiter Vosac, 1422 m.o.h

 Opp der måtte eg, og fekk følge med ei sprek jente frå New Zealand. Her er vi på toppen. Det bles kraftig nordavind, eller "bora" som dei kalla den der nede, og det var skikkelig kaldt på toppen. Vi fekk faktisk litt regn og sludd på oss òg.

Utsikt ned att frå toppen.

 Gode stiar til fjells.....
..og langs sjø.

 Fyrlykt.


På sykkeltur.

Pasta med sjømat og god drikke til.

Eine dagen var vi med på ein tur til Sarajevo, hovudstaden i nabolandet Bosnia Hercegovina. Opp grytidleg og over 5 timar i buss var eg litt skeptisk til, men vi fekk høyre mykje historie om landet og byen, og køyrde gjennom eit vekslande og flott landskap, så turen gjekk fort.


Eksotisk i Sarajevo.

Vi besøkte den tyrkiske bydelen, som er den eldste delen og den mest eksotiske for oss. Trange gater og smug med butikkar, kafear, framande lukter og eit yrande liv. Her gjekk folk på kafe for å røyke vannpipe i lag med venner, og butikkane var fulle av souvinerar, eller tant og fjas, som skulle friste oss turistar.

 På basar.

På tilbaketuren var vi innom Mostar. Både i Sarajevo og Mostar var det store øydeleggingar under Jugoslavia-krigane mellom 1991 og 2001, men mykje er i dag bygt opp att.

Gamlebrua i Mostar vart øydelagt av kroatane under krigen. Etter krigen vart bitane plukka opp att frå elva under, og brua pusla saman att.

Det vart sein kveld før vi var tilbake i Makarska, men trass i mange timar i ein litt for liten og trang buss, var turen verdt å oppleve.
Kroatia og Makarska kan verkeleg anbefalast, men kanskje litt seinare i sesongen om du vil ha litt meir liv og røre rundt deg, og litt høgare temperaturar. Vi hadde rundt 20 gr. i lufta og 16 til 18 gr. badetemperatur. Litt kaldt å bade for dei lokale, men vi tøffingane frå Norge let oss ikkje skremme.
Ellers var her som sagt billeg og god mat, god kaffi og anna drikke, minst like stor tetthet av frisørar som i Førde, men mykje billegare. Fruen fekk klipp, vask og føn for 200 norske, eg betalte 60 for klipp.
Reint og pent var det alle plassar, kjekke folk i butikkar og restaurantar, og sjølvsagt mange kjekke turistar frå vestlandet.
Eit lite knippe glade og mette vestlendingar kvelden før heimreise.

Fleire bilder finn du her.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...