09 juni 2011

Smelværet 5. juni

Søndag og fint vêr, om enn litt kaldt til juni å vere, og endeleg padletur igjen. Ein månad sidan sist, både for Nina og min sin del, så det gjorde godt å komme seg i kajakken. Vi padla ut til Kråka og sørover på vestsida av Smelværet.
 Sandholmane nord i Smelværet.

 Smelværet er eit av altfor mange naturreservat i Askvoll.  Stort sett alle øyane og holmane bortsett frå den største, Storøyna, er verna for å gi fuglelivet her ute gode vilkår. Det betyr at ilandstiging i hekketida frå 1.april til 31. juli er forbode. Det er ikkje alltid like lett å hugse, men det gjorde vi i dag og padla snillt forbi.


Litt av fuglelivet vi såg i dag.

At fuglen likar seg her er lett å sjå, her er alltid eit yrande liv og mange ulike artar. Og Lene, i dag kom vi over ein bra stor flokk med ærfugl, og det er ikkje første gangen heller...so da so !

 Vi rasta sør på Storøyna med flott utsikt mot Herland, Tviberg og Alden.

På veg inn att mot Staveneset.

Frå Staveneset.

Nok til ein kajakk.

Frå Stavenesvågen.
Dagens tur, 13,2 km

Takk for fin tur Nina !





3 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Flott rastebilde! Skulle vore i Smelværet att eg og... Til og med dansken kommenterte at det var lite fugl når han for forbi då..;o)

Susan sa...

Flotte bilder Kjell! =)

Er du utflytta sunnmøring du også eller? ;)

Kjell Yndestad sa...

Ektefødd sunnfjording Susan, og Lene; dansken var ikkje ut i Smelværet...so da so..

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...