24 januar 2010

Padletur 23.01.10















Padla frå Yndestadkaia utover langs land til Mjåset. Derifrå kryssa eg skrått over til Follevågneset der eg var i land og strekte på beina. Vidare innover langs land eit stykke før eg sette kursen mot Korsneset og vidare innover langs land til inste revet, og over til kaia igjen. Oter og sel var å sjå ved Follevågneset, og i Størdal sat ein flokk kråke og ravn og ei svær ørn som eg uroa i arbeidet med å prekivere eit kadaver som låg i fjæresteinane.

15 januar 2010

Det har ikkje vorte så mykje padling i kulda dei siste vekene, men i går var det mildare så Roy Ove og eg tok ein tur ut i Smelværet. Klokka var over halv tre på ettermiddagen før vi kom oss i båtane, så det var nesten mørkt før vi var tilbake i Staveneset.

Padletur 14.01.2010

01 januar 2010















Etter ei lang pause har eg som nyttårsforsett å prøve å oppdatere bloggen litt oftare. I dag er første dagen i 2010, og eg startar med ein rapport frå ein fin skitur eg og jentene hadde i dag. Vi gjekk inn Solsidevegen til Blomberg i eit nydeleg ver, og signerte boka på enden av vegen som dei første i år.
Fleire bilder frå turen her

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...