16 juli 2009

Heim att..












Dagen starta med gråver aust om fjella i dag, og ein telefon til Sognefjellshytta bekrefta mistanken om dårleg ver i fjellet òg, lavt skydekke og regn kunne dei fortelle der ifrå. Ein tur innom yr.no ga ikkje noko vidare håp om bedring heller, faktisk fann vi ut at beste veret for dei neste par dagane var heime, så det vart til at vi vende nasen heimover. Over Strynefjellet i god driv, ein matpause og litt shopping i fagre Stryn og vidare heim.
No sit eg i godstolen og tenkjer at Fanaråken og dei andre fjella i Jotunheimen ligg der seinare òg....

15 juli 2009

Utsikt frå Fuglesteg















mot Skjolden og Lustrafjorden.

Vi kom oss til Fuglesteg i dag. Vi vakna til ein flott morgon på Nymoen Leirplass i Skjolden, og etter frukost og utsjekk køyrde vi den korte turen opp til Fortun. Derifrå må ein ta beina fatt for å komme opp til den gamle fjellgarden. Det er ikkje nokon krevjande tur, vi brukte ein time og ti minuttar i eit nokså roleg tempo, først på traktorveg og siste stykket på ein bratt men god sti.
På Fuglesteg vart vi vel imottekne, vi treffte nokre nordfjordingar som var på veg ned att etter å ha overnatta, men ellers var vi dei første gjestane denne dagen. Vi kjøpte oss kaffi og hellekaker som vi inntok ute på "vollen" med ei flott utsikt ned att mot Lustrafjorden. Etter kvart kom det fleire oppover bakkane, så vertinna på Fuglesteg fekk avsetnad på hellekakene sine i dag og. Ned att gjekk det kjapt, vi brukte 40 minuttar før vi var tilbake ved bilen og sette kursen mot toppen av Sognefjellet. Vi hadde tenkt å overnatte på Sognefjellshytta og kanskje prøve oss på Fanaråken i morgon, men vi vart møtt med regn og kulde der oppe i vel 1400 meters høgde, og meldingane for morgondagen er ikkje så mykje betre. Dermed vart det til at vi køyrde vidare til Lom og fekk oss husrom her for natta, så får vi sjå kva morgondagen har å by på....
Bilder frå turen finn du her

14 juli 2009

Ei god øl etter middag . .


. . i kveldssola ved fjorden i Skjolden

Vi køyrde heimanfrå i føremiddag med indre Sogn som mål for årets ferietur. Der har vi vore før, men denne gongen satsar vi på å komme oss litt meir i høgda. Hadde vel så smått planar om å komme oss til Fuglesteg i dag, men i Gaupne fann vi ut at vi skulle ta turen oppom Jostedalen, - der hadde vi ikkje vore før. Frå Gaupne er det ca. 36 km opp til breen så det er ikkje så lange avstikkaren. Bresenteret er òg verdt eit besøk, mykje historie om istider, brear, liv og lagnad i Jostedalen gjennom tidene for dei som er interessert.
Vidare deifrå bar det vidare innover til Skjolden og lenger kom vi ikkje i dag. Det lei så langt på dag at vi måtte finne oss husrom for natta å få oss middag. Husrom, eller hytte, fann vi på Nymoen camping der vi er no. God middag med godt drikke attåt fekk vi oss på Skjolden Brygge, ei lita perle i fjøresteinane rett nedanfor her.
Frå hytta her har vi utsikt til Fuglesteg, og i morgon får vi satse på å komme oss dit.
Bilder frå turen finn du her.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...