17 november 2012

Kajakkholdar.

I forbindelse med turen til Vigra fekk eg i oppgåve å ta med Nukaen til Lene tilbake til Askvoll, noko som innebar at eg måtte ha tre kajakkar på biltaket. For å få plass til det, må dei stå på høgkant. Lene har eit Thule-stativ der kajakken står slik, men eg skulle feste to til. Det finnast ulike løysingar å få kjøpt, men eg fann til slutt ut at det snaraste og billigaste var å lage eit sjølv. Etter litt spekulering, kom eg fram til ei enkel og funksjonell løysing som eg laga i 40X40 firkantrør i aluminium. Kort og enkelt ein T som står på hovudet og som er festa til lastebøyelen med samme festa som er brukt på det "vanlege" Thulestativet der kajakken ligg. Stativet, eller holdarane, passar nok best til å feste to kajakkar, då får du "belasta" det begge vegar i toppen og unngår å dra det skeivt. På toppen er det påsveisa ei plate som stikk ca 5 mm ut om røret og hindrar festestroppene i å gli av. Kortenden på T-en, som dannar festet mot lastebøyelen, er 120 mm langt. Totalhøgda på holdaren er ca 540 mm.


Tilskårne skumpute-strimlar mellom stativet og kajakken hinrdrar skade på båtane. Strimlane festa eg med tape.

Passar best til to kajakkar...


..og då er det god plass til eit Thulestativ med ein tredje kajakk.

Eg er litt usikker på om det finnst reglar for slike "heimesnikra" festeanordningar, men det er reglar for kor mykje du har lov å laste på biltaket. Det er ulikt frå bil til bil, ( sånn ca. mellom 50-100 kg) du finn det i vognkortet. På min har eg lov til å laste 100 kg.

15 november 2012

Vigra...i slutten av April.

Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhelg med padling i ukjent farvatn. Vi vakna til sludd og kuling laurdagen, ikkje veldig fristande padlevêr, men det betra seg utover dagen og vi bestemte oss for å rulle og tulle litt på Blimsanden, lang og flott sandstrand som sikkert er folksam på fine sommardagar. I dag var det berre oss.
Utan mat og drikke osv...Nina, Lene, Kenneth og Jason.

Vi fekk oss nokre timar med skikkeleg trim, og god trening i å mestre bølgjene som braut innover stranda. Berre det å komme på flot i slike forhold var ei utfordring for oss som ikkje var vand med det, og å snu utatt i brytande bølgjer var ein øvelse også. Mykje bading vart det på enkelte av oss, andre mestra det betre, men artig hadde vi det, trass i kalde fingrar.

Nina og Lene klar for bølgjene, Kenneth bak.

Meg i action. Fotograf: Lene

Lene sin versjon av dagen finn de HER 

Søndagen vakna vi til knallvêr, blå himmel, blått, omternt paddeflatt hav og varmt. Rett vest for Vigra ligg Erkna, med Erkna fyr, dagens turmål. Vi padla frå Synnes, utover i eit nydeleg panorama...det er flott natur på sunnmøre òg.

Nesten sommar.

Mot Godøya

 Nina og Sygni

Gruppebilde er ikkje alltid like lett å få til...

...men det vart bra til slutt, Nina, Jason, Lene, fotografen og Sygni.


Nina med Erkna bak.

På vestsida.

 Skånsomt for båtane, men tungt å vasse i.

 Klar for lunch undre fyret.

Paddle Punk Style...sightseeing.

Store delar av "betongstien" ut til landingsplassen hadde Dagmar fjerna.

På fyret fekk vi omvising i alle bygningane av ein ihuga forpaktar. Han fortalte litt om historia til fyret, og litt om "fauna og flora" på holmen. Interessant, og ein ekstra bonus for oss padleturistane. Lene har litt meir historikk på bloggen sin, HER.


 På fyret.


 Glade padlarar....finn to feil.


Inn att mot Vigra.

Turen inn att gjekk i søndagsfart, i samme fine vêret. I dag fekk vi smørsida av Sunnmøre.

Men helga var ikkje slutt, med 1.mai på tirsdagen var mandagen ein fin dag til avspasering, og ein fin dag til padling også, sjølv om vêret ikkje var like bra som dagen før. Vi la ut frå Roald, nordaust på Vigra, og padla nord og vest om. Litt grått og litt vind...og litt møkalukt....våronn på Vigra.

Kenneth og Lene.

Strandhogg og lunch på Blindheim.

Klar for tibaketuren.

Vi pausa på Blindheim, fyrte opp primusen og og varma bønner og flesk til lunch, godt på ein litt sur dag.
Nina var uheldig, sklei på ein stein og landa langflat oppå den, med brest i eit ribbein som resultat (viste det seg seinare) Ilt i alle fall der og då forsod vi, og vi vurderte å avbryte turen, men Nina er tøff...og litevetta sta, så det vart til at vi padla tilbake òg.
Bortsett frå dette uhellet, hadde vi nokre flotte dagar med padling og kjekke kveldar i hytta med god mat og drikke. Og ikkje minst i kjekt selskap. Takk til Kenneth og Lisbeth som ga oss husly og tok så godt imot oss.
Lene sin versjon HER




17 mai 2012

Paddle on...

Neidå, eg har ikkje lagt inn årane! Sjølv om det har vore pause i blogginga nokre månader, har kajakken vore på sjøen nokre turar. Kameraet er som regel med, og her er eit lite resymé;

Lindåsbassenget
I februar var Nina og eg å padla i Lindåsbassenget og slusene der. Flott padleterreng i skjerma farvatn og litt ekstra spenning i dei sterke tidvasstraumane. Området er kjent i padlesamanheng og kan anbefalast.

Flott vinterver i Lindåsbassenget 

Vi prøvde oss både med og mot straumen i Lindåsslusa. Lite straum når vi var der, men det kan visst vere vanskeleg å padle mot når staumen er sterk, og sikkert ekspressfart medstraums. 

 Nina motstraums i Lindåsslusa.


 Naturens eigen kunst speglar seg i blikkstille sjø.


Spennande padleterreng.

Lindåsbassenget har tilrettelagde rasteplassar med telt og bålplassar, og eg kunne tenkt meg tilbake hit når det er litt varmare i veret. Området egnar seg godt til ekspedisjonar med telt og kokeapparat. 

Heimebassenget

Nokre turar frå Staveneset har det vorte og, vi har jo verdens beste padleterreng rett utanfor stovedøra. Herifrå kan ein velge og vrake mellom lange turar over ope hav i gode dønningar, eller kortare turar mellom holmar og skjær i litt meir skjerma farvatn. Og er det for mykje vind og bølgjer kan ein jo alltids padle innover fjorden. 
Som her, inn Stongfjorden med vind og haglebyene i ryggen i byrjinga av april.

Litt kjekkare i godver med selskap nokre dagar seinare, sørvestover forbi Heggøyna og ut til Hindøyna....

 Brua over Vaulen i Heggøyna er eit ynda motiv.

 Eit av tjerna på Tjernholmen

 Der skremde eg opp ei grågås som låg på desse.

 Litt meir vind og sjø på tilbaketuren.

....eller ein kveldstur rundt Raudøyna i midten av april, i sol og flott ver, men med  frisk nordavind og grov sjø. Vi fann ly for vinden på sørvestsida og laga oss middag på eit svaberg med utsikt til Høyvika 

Kokk på uteresaurant.


Klar til servering.


Søndagen etter var det knallver, sol og nesten vindstille, og vi sette kursen nordover frå Staveneset, over Stavfjorden til Trefotskjæret.

Upåklageleg utsik sørover, Staveneset øverst til venstre og Alden bak lykta.

 Stormkjøkkenet var med no og, så det vart varm lunch på skjæret før vi padla vidare..

Over tansøyosen.

Brua mellom Tansøya og Askrova.

Ved Tansøya låg Kraken og døsa. Han heldt eit auge med Nina, men var nok mett og doven....

...og vi kom oss trygt tilbake over Stavfjorden att.




15 januar 2012

Frisk start !


Årets første padletur gjekk, som fjorårets siste, frå Staveneset ut til Smelværet, over til Heggøyna og tilbake. Denne gongen med Nina som turfølge. Mildt og fint i forhold til årstida, men gråvêr og lette regnbyger i starten.
Nina pakkar i båten, klar for året første padletur.

På vestsida av Smelveret. Litt lettare skydekke.

 Rast på kaia i Smelværet. Det har vore høg flo i det siste.

Energipåfyll i rom sjø.

Ved Melsholmen.


 Frisk start på årets padlesesong! 14,5 km vart det i dag.