28 juli 2011

Langt vest.

Søndag, flott vêr, lenge sidan siste padletur og nytt kompass montert på kajakken som skulle testast. Ut frå Stavenesvågen og kompasset viste 260 gr. dvs nesten rett vest mot Smelværet.  
Stavenesvågen.


Pause med utsikt.

I Smelværet pausa eg på eit skjær, og spekulerte litt på om eg skulle ta sjansen på å padle ut i Moldværet åleine. Hadde vel eigentleg bestemt meg før eg for heimanfrå; at hvis forholda var bra skulle eg ut dit, - og forholda var knallbra, vêrmeldingane òg, så eg bestemte meg for ta sjansen. 

Frå Moldværet mot Tviberg.

Eg tok sjansen på å gå i land òg, etter å ha spurt ein måse om å få lov og fått eit høgt og tydeleg jaaa.
Måtte strekke på beina, sjekke badetemperaturen og ete nista før eg padla inn att.

Fint å padle her.

 Staveneset lang der inne.

 Her ute har fuglane dusj ser det ut til.

 Ein god del båtar å sjå i finevêret, her ein på veg sørover ytre leia.

23 km vart det i dag.

Og kompasset fungerte som det skulle, - greit å vite om ein skulle få skodde på seg langt til havs.
Fleire bilder HER

05 juli 2011

Svanøy rundt 26. juni

Tanken om ein tur Svanøy rundt fekk Nina og eg på ein tur tidlegare i år, og søndagen var ein fin dag for ein slik ekspedisjon. Vi sjøsette i Stubseidvågen, padla over til Kvalstad og fortsette innover på sørsida til Austneset.

Ut frå Vågen. 
Sletteberget, eller Nokkeberget på sørsida av Svanøy er synleg på lang lei.

Fugl på flukt, - Toreheia midt i bildet.

Vi runda Austneståna og padla utover på nordsida. Lettskya og nesten vindstille, men temperaturen var ikkje slik den burde vere midtsommars, så det vart ikkje for varmt i tørrdrakta.

Ved Høgeholmen på Nordaustsida.


Her rundar vi snart Bruneset på veg inn i Svanøybukta. Marøya rett fram.

På Svanøybukt var det litt meir liv og røre enn sist vi var her, båtfolk på tur og open kafe, så i dag vart det nysteikte vaflar til kaffien.

Ymse utvalg for turar på sjøen.

Frå Erikstadvika

Lang rast på Svanøybukt för vi padla vidare vestover gjennom Marøysundet, over Erikstadvika og kom rundt på vestsida av øya. Her trefte vi Jørn som også var på tur Svanøy rundt, men med utgangspunkt i Svortevik.


Jørn, steikje fin båt hadde han.

På vestsida trefte vi også sommaren, det klarna opp og no varma sola meir enn godt i tørrdrakta. Vi var i land på sørvestpynten og strekte på beina, før vi padla over Stavfjorden att.

Mot Grimelia.

På veg over Stavfjorden som viste seg frå si beste side.


Svanøy rundt unnagjort for denne gong ! Fin tur på 26 km.