23 desember 2007

Skylefjellet 02.12
Tok kamera med meg på Skylefjellet i dag(02,12), motiva er dei same som mange ganger før, men forandrar seg stadig etter årstider og lysforhold. I dag var det stillt og fint,- ikkje som forrige søndag i kuling og snøbyer. Treffte Torgunn som den einaste i dag, forrige søndag i ruskeveret var vi sju stykker på Skylefjellet

04 november 2007

Skålefjellet 04.11 - 07
Søndag med fine-ver, kaldt og klart. Ny fjelltrim-post på Skålefjellet så turen gjekk der i dag. Stilt og fint på toppen så eg kunne nyte strevet ei stund. Fin tur.

16 oktober 2007

Torsdag 27. September hadde Anita sin 100. tur på Blåfjellet sidan boka vart lagt ut i fjor haust. Dag Tore, Olaug, Magni og eg vart med. På toppen vart hendinga behørig feira med kringle, kaffi, rødvin og champange i eit nydleg haustver.
Jubileumstur til Blåfjell

19 august 2007

Flokeneset 19. August 08

Søndag med gråver og regn, vi visste ikkje heilt kva vi skulle finne på. Inspirert av ein padletur med Roy Ove dagen før, foreslo eg ein tur i same området. Så det vart til at vi køyrde opp i Flokeneset og rusla ein tur langs fjæra. Eit idyllisk område med holmar og vikar og med utsikt rett til havs.

01 juli 2007

Solvorn 01.07-2007

Heim att i dag - frå Aurland tok vi vegen til Årdal og derifrå Tindevegen over til Turtagrø, vidare ned til Lustrafjorden og utover til Hafslo. Der tok vi avstikkaren ned til Solvorn. Vi tenkte å få oss middag på ærverdige Walaker Hotell, men det var for tidleg på dagen. Der satsa dei på middag om kvelden, av den litt meir eksklusive sorten kunne verten fortelle. Litt stive prisar både på overnatting og middag der i huset, men så absolutt verdt det - litt meir enn det "vanlege" forsikra han. Omgjevnadane var iallefall upåklaglege, eit flott hotell omkransa av ein nydeleg hage. Ei helg der står iallefall på ynskjelista mi. Svolten fekk vi stilt på Linahagen kafe eit steinkast unna, og det var slettes ikkje noko dårleg erstatning. Eg valgte lasagne, den var god den, men røykelaksen Magni åt var kjempegod ( fekk smake) Til dessert fekk vi suppe av rabarbra og jordbær med vaniljeis til - namnam. Så var det strake vegen heim. No er eg komen i godstolen - borte bra, men heime best....

30 juni 2007

Undredal 30.06-2007
I dag gjekk turen til Undredal, ei lita bygd med sjel. Høgdepunktete her var vel måltidet på kafeen Osteklokka - den beste matopplevelsen vi har hatt på denne turen. Vi valgte full pakke- forrett som bestod av ulike geitostar og spekepølser frå lokale produsentar servert med moltesylte og heimelaga rømme. Hovedretten var pannekaker med kjekjøt og geiteost servert med salat og heimelaga rømme ( kanskje kom tacoen frå Undredal ? ) Til dessert fekk vi karamellpudding laga av geitemelk. Eit herremåltid som vel kan anbefalast ! Kokka var russisk,- ho kom til Undredal som guide, forelska seg og vart verande. Undredalen stavkyrkje er og verdt eit besøk, her fekk vi omvisning av ei kjekk dame som fortalte litt om historia til kyrkja. Ein fin og minnerik tur.

29 juni 2007

Norway in a Nutshell
I dag vart det ein rundtur i indre Sogn med ein avstikkar til Voss. "Norway in a Nutshell" kalla dei turen - båt frå Aurland inn Nærøyfjorden til Gudvangen,- vidare med buss via Stalheimskleiva til Voss. Derifrå skulle turen gå med tog via Myrdal tilbake til Flåm og Aurland. Men på voss fekk vi beskjed om at toget til Myrdal var innstillt pga. strømbrudd, så turen gjekk istaden med drosje tilbake til Flåm og så vart det tur/retur med Flåmsbana. Tilbake på hotellet i Aurland litt før kl 21 så vi rakk akkurat middagen. Ein fin dag med mange inntrykk som absolutt er til å anbefale- ein treng ikkje reisa langt for å finne "eksotiske" reisemål. Turen inn Nærøyfjorden var vel høgdepunktet på rundturen, men resten er vel verdt å oppleve òg.

28 juni 2007

Aurland 28.06-2007


Køyrde heimafrå i 11.tida i dag med kurs for Aurland, fruen og meg. Stoppa litt i storbyane Førde og Sogndal for litt "nødvendig" handling. Køyrde veien over Aurlansfjellet, Snøvegen, og fekk med oss utsikta frå det flotte utsiktspunktet ved Stegastein. Vi kom til Aurland ca. kl 17 og tok inn på Aurland Fjordhotell. I morgon går turen med båt inn Nærøyfjorden til Gudvangen og tilbake. Men no er fruen svolten så middag står for tur :-)

25 juni 2007

Jonsokafta var vi , etter kvart tradisjonen tru, samla i Stongsfjæra. Små og store kosa seg i fineveret med grilling, bålbrenning og bading. God mat og god prat og litt plagsom knott - i heile tatt sånn som det skal være. Ein fin kveld.

Jonsokfeiring i Stongs-fjæra

29 april 2007

Kaldrasnipene 29.04











Magni, Kristin og Ingrid på Kaldrasnipene,
Atløya og Alden i bakgrunnen
- tatt med eit dårleg telefonkamera.


I dag hadde vi ein knallflott tur frå vassverket i Holmedal til Kaldrasnipene og deretter på Dokka. Veret var upåklageleg,- sol frå skyfri himmel, vindstille og fin temperatur. Ganske klar dag, så vi såg faktisk Troll A plattformen.. ( trur eg ) med blotte auge. Mange som hadde teke same turen i dag så vi var ikkje åleine i fjellet. Vi telte 13 bilar nede ved vassverket då vi starta derifrå i ellevetida.
Posted by Picasa

09 april 2007

2.Påskedag

2.Påskedag

2.påskedag vakna vi til sol og flott vèr etter ei heller grå påske med både regn og snø. Ein flott dag for ein fjelltur så heile familien tok sikte på Blåfjell, ein flott tur med fantastisk utsikt til øyar og hav.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...