29 oktober 2010

Operasjon kabeltrommel.

Forrige veke fekk vi første vinteren denne sesongen. Den kom overraskande tidleg, kalenderen er ikkje på langt nær ferdig med hausten, men heldigvis var det berre ein forsmak og no er hausten tilbake. Men snø er ingen hindring for kajakken, havet ligg der utan, og søndagen såg fin ut for ein tur. Eg sende tekstmeldingar til nokre av medlemmane i padleklubben lørdag for å få med fleire, og Nina ville vere med. Vi møttest i Staveneset i 11-tida søndag, og padla sørover til Heggøyna. Det var flo sjø og lett å komme gjennom Vaulen, som kan ligge heilt tørr på fjære sjø.

Gjennom Vaulen i Heggøyna.


Vi padla vidare over Smelværosen mot Smelværet, og ved Ognholmane vart Nina var eit skjær som virka litt "laust" i sjøen. Vi padla bort for å sjå, og skjæret viste seg å vere ein tom kabeltrommel som låg å duppa.
Stygg sak midt i leia !
Stygg og stygg, - den ser faktisk litt snill ut.

Men uansett, her kunne den ikkje ligge å reke til fare for båttraffikken. Etter teknikkurset i Bulandet for nokre veker sidan kjøpte eg meg taueline og den var god å ha no. Eg fekk lina rundt trommelen og tok til å dra på styggedommen.
 Slepet er i gang.


Svintungt ! - og det var eit stykke til land, så eg tok til å angre på heile operasjonen og lurte litt på om eg heller skulle ringe lensmannen å la han ta saka. Men eg kunne sjølvsagt ikkje gi meg når det var dame til stades, så eg padla det eg var god for og trøysta meg med at det var god trim i alle fall, og smått om senn nådde vi Guridøyna der eg fekk trommelen på land. Puh ! Ei stri økt som eg kjende godt i armane.
 Trommelen trygt plassert.


Vi padla inn i Smelværet og fann ly for ei regnbyge under ei låvebru for pause med niste og kaffi, eller solbærtoddy for Nina sin del. Solbærtoddy i poseform og varmt vatn på termos er glimrande turdrikke, spesiellt om vinteren.
I ly for regnet med god niste.

Vi hadde litt meir vind og sjø på turen inn att til Staveneset, utan at det gjorde noko, og leia var fri for flytande skjær.
Mot Staveneset.

 Vi brukte ca. 4 timar på turen og padla ca. 13,5 km.

Takk for turen Nina !
Fleire bilder HER



3 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Bra at du jobbar for å halde leia rein, Kjell! Men kan godt tenkje meg at det var tungt å slepe, ja..

Marianne Aamodt sa...

Hallo Kjell, keep up the good work. Takk for sist og hyggelige kommentarer i bloggen min. Ha det fint i høsten som kommer - fin padletid!

AG sa...

Godt jobba,denne hadde vore stygg for større båtar no når det er mørkt både seint og tidleg.