23 oktober 2010

Sommarminner

I juni fekk eg besøk av Ole Andreas frå Stord. Han har eg padla med nokre turar i skjærgården vest for Fitjar, som til liks med Bulandet er eit padleeldorado.
Ole Andreas kom sjølvsagt med bilen full av padleutstyr og med kajakken på taket, og målet med turen var padling  Bulandet. Vi hadde bestillt oss hytte i Gjørøyna, og innstallerte oss der før vi sjøsette båtane og padla rundt på nordsida.

Klar for tur.

Sandøyna.

Vi var i land på Sandøyna og åt nista ved fyret der. Det var klårt og fint ver, og vest i havet kunne vi skimte Gjøaplattformen, som vi begge jobba på eit par tre månader tidlegare, men som då låg ved kai på Stord.
Tilbake på hytta i kveldinga, og Ole Andreas fiksa middag som vi åt på hyttealtanen med god drikke til. Det var jonsokafta, så vi rusla ein tur og såg etter folk og bål, men det var ikkje mykje buledingane gjorde ut av kvelden. Vi fann eit nedbrent bål, men ikkje folk..
Dagen etter var det tur på Alden som sto på programmet, Vi køyrde inn i Værlandet og padla frå ferjekaia der over til Alden, Veret var ikkje så verst tidleg på dagen, men ut på ettermiddagen tjukna det til med skodde og regn.

På veg over til Alden.

Men på Alden skulle vi, til toppen sjølvsagt,  eg måtte jo vise turfølget mitt den fantastiske utsikta derifrå. Optimistisk satsa vi på at regnet og skodda var av kortvarig art ( som vanleg her på vestlandet :-\ ) og la i veg oppover bakkane. Regnet og skodda tiltok i takt med høgdemeterane, og då vi sto ved varden på toppen var vi gjennomvåte og hadde sånn ca. 10 meter sikt.
Ved varden 480 m.o.h.


Det frista ikkje å ete nista her, så vi skunda oss ned att i fjæresteinane og låntok eit naust, der vi fekk i oss mat og varm kaffi.

Godt med kaffi !

Denne turen kom vi til å hugse lenge, det var vi einige om, og utsikta frå toppen får vi ha til gode til neste gong.
Vel tilbake på hytta fiksa Ole Andreas middag igjen (alltid like kjekt å vere på tur med kokekyndige) som vi skylte ned med god drikke. Men kaffien etter middag var det eg som laga, og den drakk vi med god drikke attåt.
Siste dagen, etter at vi hadde besøkt ein slektning av Ole Andreas som har hytte i Værlandet, padla vi ein tur rundt i Bulandet igjen.

 Brua over Olssundet

Det var lite vind desse dagane, så dei store utfordringane fekk vi ikkje, men litt drag i sjøen gjorde til at vi fann ei og anna bølge som vi prøvde oss litt i. Men på dei fleste plassane det bryt er det som regel ikkje langt til fjell, så utan hjelm er det best å holde seg på trygg avstand. Og surfeekspertar er ingen av oss, men Ole Andreas fekk seg likevel ein flott surf eine dagen, på ei stor bølge som han kom flott ut av, til og med på rett kjøl.
Vi hadde tre flotte dagar her ute med turar på sjø og land og mange flotte opplevingar. Vi handla til og med på Joker i Bulandet frå kajakken, - ikkje mange plassar det går an.
Fleire bilder frå turen finn du HER
Og bilder frå turane med Ole Andreas i Fitjarskjærgården finn du HER og HER

Ingen kommentarer: