15 oktober 2010

Stormsamling 2010

8. til 10. oktober var det Stormsamling i Bulandet i regi av Askvoll Padleklubb. Til saman var vi ca. 50 padlarar som inntok padleparadiset lengst vest i Askvoll kommune for å delta på ulike kurs og turar i kajakken. Mange reiste ut tidleg på fredag og fekk seg ein padletur på eit blikkstille hav med svake dønningar som ein "starter" på helga.  Lene, Nina, Arinbjørn, Roy Ove og eg innstallerte oss på Buatoppen hos Gunnlaug / Bulandsferie. Roy Ove hadde laga god lasagne som han hadde med til middag fredagskvelden. Slett ikkje så dumt å ha ein kokk i leiren. Etter middag var vi i Floren til Liv Turid for informasjon om helga.



Gruppebilde i påvente av lasagnen. (Arinbjørn var ikkje komen)

Eg hadde meldt meg på teknikkurs som gjekk over to dagar, og måtte opp tidleg lørdagsmorgonen ( i motsetning til dei fleste andre eg budde i lag med som var meir som turistar å rekne ;-) ) Oppmøte i kajakken kl. 09.00 ved butikken, og det tek litt tid å få på seg utstyret og pakke kajakken. Vi var 5 stykker på kurset, ein passeleg stor gjeng som vår dyktige instuktør Camilla heldt god styring på.


Her er det kursstart med presentering av instruktør og deltakarar.


På teknikkurset lærer vi ulike padle og svingteknikkar, eigenredning og kameratredning, litt om ulike kajakk og åretypar og om sikker padling i forhold til ver og vind. Eit nyttig kurs som alle som padlar på hav bør ta.


På teknikkurs.

 Nyttig ja, men travelt ! Etter ein heil dag med  baugtak, krysstak, valmtak, krysstak, styretak, skifertak, dratak, krysstak, høgvannstak, lågvannstak (eller var det høgt og lavt støttetak ??) hengetak, telemark, sculling og tulling og.... krysstak..., trur eg dei fleste av oss etter kvart kjende at vi hadde nokre musklar som vi ikkje viste at vi ikkje hadde i sete og lår.

Camilla demonstrerer "stand up paddling" i havkajakk. Ikkje pensum på kurset...heldigvis.

Lørdagskvelden var det samling i Floren att, og vi fekk knallgod breiflabb og dessert, som vi med godt samvit kunne unne oss litt ekstra av.
Tidleg opp på søndagen og for min del, og kl. 09.00 var vi i gang att. Vi starta med litt repetering av gårsdagens lærdom,  før vi etter kvart gjekk over til meir redningsøvelsar. Tauing av "pasient" og redning og tauing i litt meir utfordrande forhold. Det var litt meir vind søndag, rundt 10 m/s, og det merkast godt når du padlar i mot, og spesiellt når ein prøvar å slepe to kajakkar samtidig. Men god trening er det !
Kursavslutning i totida, og då var det berre å komme seg i ferjekøa i Værlandet. Ferja inn att var full og vel so det, av bilar, kajakker og meir eller mindre slitne og fornøgde padlarar. Flott og lærerik padlehelg i lag med knakande kjekke folk.
Men storm fekk vi ikkje !
Lene sin turrapport frå helga finn du HER
Odin sin HER
Og fleire bilder frå samlinga finn du HER  og HER

2 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Du som deltok på teknikkurset hadde vel nok å gjere laurdag og søndag. Bra du fekk den turen utaskjærs på fredag då!

Anonym sa...

Herlige forhold for teknikk kurset, Kjell! Kjekt at du òg har fått merket på kortet no;)
Flott oppdatert side du har fått deg også! Følge med bloggen frå storbyen!
Linda;)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...