27 juli 2010

Kveldstur 26.juli

Ein kveldstur i kajakken med start i Staveneset. Knut og eg padla nordvestover til Kråka og til Sandholmane der vi pausa på eit skjær.
 Vest av Smelværet

Derifrå padla vi sørover Smelværet før vi sette kursen over mot Heggøyna og vidare via Melsholmen tilbake til Staveneset.
Padlar i solnedgang


 Silkeføre


 Werner, Knut og Melsholmen med Staveneset bak.


Som vanleg var det mykje fugl å sjå, mellom anna terner, måse, tjeld og flokkar med gås. Sør i Smelværet kom vi over ein flokk sel som låg og duppa, vi talde vel 10-12 svarte nyfikne hovud som kikka på oss. Rikeleg å sjå av den sorten ute i havgapet. Vindstille og "silkeføre" siste delen av turen, som vart avslutta med ein rask dukkert i Stavenesvågen. Flott tur på 15 km. som vi brukte godt 3 timar på.

Padleruta
Fleire bilder HER

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...