19 august 2011

16 august 2011

Sol og måneskinstur.

Fredag kveld padla Nina og eg ein tur frå Staveneset rundt Smelværet, over til Heggøyna og tilbake. Flott tur i kveldssol, stillt og fint.

Vest om Smelværet

I Skumsøysundet, månen dukka opp over Høyvika.

Nordover ein spegelblank Stavfjord

15 km i kveld.

Tilbake i Staveneset i skumringa, og der venta omtrent  fjortenmillionaråttehundreogtrettifiretusensekshundreogto knott som ville ha oss til kvelds. Fyttirakkaren !
Gløymde å ta med meg kameraet, så bilda er tatt med mobilkamera.

08 august 2011

Med Kristin i Smelværet.

Kristin, eldstejenta, har så vidt prøvd seg i kajakk før, og det har gitt meirsmak. Vi har snakka om ein padletur i lag ei stund, og søndag gjorde vi alvor av det. Flott vêr og omtrent vindstille, så vi sette kursen mot Smelværet.

 Med kurs rett vest.

Vikeplikt for trafikk frå styrbord...eller har "motorbåten" vikeplikt for "robåt"? Uansett, dårlege odds for ein kajakk.

 Ved Kråka.


 Utsikt sørover frå Kråka
 

 Ved varden på Kråka, Kinn og Reksta i horisonten.

 Klar til ny økt.

 Vest om Smelværet

Vi padla ut til Kråka, der vi var i land ein tur, og vidare på vestsida av Smelværet til vi runda Storøyna på sørvestpynten. Her vart det pause med niste, kaffi og sjokolade før vi padla inn att. Kvalitetstid med flottaste utsikta ein kan tenkje seg.


 Pause sør på Storøyna.

 Utsikta.



 Inn att mot Staveneset.

 I Stavenesvågen.

 Padleruta.

Kristin padla som om ho aldri skulle gjort anna, far sjølv er i alle fall ganske imponert. Vi brukte ikkje stort lengre tid enn eg ville gjort åleine på den 13 km lange turen.
Alle bilda frå ein flott tur finn du HER

07 august 2011

Tur med turistar.

Om sommaren er eg litt turistvert. Eg har ei hytte som eg leiger ut, som regel til fiskeglade tyskerar, men ingen regel utan unntak. Stephan og Meike var meir interessert i andre kjekke ting å bruke sjøen til, til dømes padling. Eg lånte ein dobbelkajakk og tok dei med i Staveneset for å vise dei kva vi har å tilby i so måte. Tanken var å ta dei med i Smelværet, men litt for mykje vind og bølgjer gjorde til at vi padla ein tur langs land i staden. Nokon lang tur vart det ikkje, doblingen var lite samarbeidsvilleg i medsjø, men ein fin tur vart det no likevel.

Klar for tur.


Ut frå Stavenesvågen.

Ikkje så lett båt å manøvrere i medsjø...

lettare imot.

 Grunnstøyting :-)

Ingen tur uten niste og kaffi ! Den tok vi før vi køyrde heim att.