29 desember 2010

Fjelltur - eller rask feittforbrenning..

I går gjekk trimturen til fjells. Eg kledde meg i fjellsko, gamasjer og anorakk og tok beina fatt oppover bakkane. Det var eigentleg flott skiføre, men dei bratte og kronglete bakkane oppover her eignar seg lite til ski og snøen var lett og fin å gå i. Eg hadde med meg kameraet og tok litt bilder undervegs, - tanken var å vise dei som les bloggen min fjella som eg nemner i forrige inlegg.
Stongfjorden i vinterdrakt. ( eg bur i det gule huset i klynga nede i bildet )

Ein vinn fort hødemeterar oppover, og etter ein liten halvtime er ein over skoggrensa og har flott utsikt over fjorden.
 Utsikt frå Rinda. Skålefjellet i midten er eit markant fjell i bygda.
Utsikt mot Størdal og sørover Eidsfjorden. Ei litt bleik vintersol strevar med å halde seg over fjelltoppane.

Frå Rinda vestover Stavenesodden. Lengst ute midt i bilde skimtar vi padleriket mitt.

Når ein har slite seg opp dei verste motbakkane og går innover fjellet, flatar det ut litt og mange som kjem opp hit første gongen blir overraska over "viddene" innover.

Det er ikkje mange hytter her oppe, men denne som vart bygd i sommar ligg flott til ved Svartevatnet.
På veg heim møtte eg Roy Ove, nabo og turkamerat både på land og sjø. 

Han hadde tatt skia eit stykke oppover, og hadde sjølvsagt ein fordel på veg ned att.

Det vart ikkje så lange turen, men litt ribbefeitt ligg forhåpentlegvis att opp i bakkane.

Heile albumet frå turen finn du HER

26 desember 2010

Ut å finne sola.

Eg bur i Stongfjorden og det er verdas finaste plass å bu. Men - det er eit lite men, - lengst inne i fjorden er det ikkje sol om vinteren. Sjølv om eg bur på solsida er sola vekke ca. to månader. Grunnen til det er sjølvsagt dei flotte fjella som omkransar bygda vår. Men vi treng ikkje reise lengre enn ut i Staveneset så finn vi ho heile året, dvs. dersom det ikkje er overskya då, noko det sjeldan er her på vestlandet ;-D
Det var det ikkje i dag tidleg heller, og etter å ha sjekka yr.no som sa nydeleg ver resten av dagen og 3 sekundmeter austleg vind, bestemte eg meg for ein padletur sjølv om gradestokken viste 9 kalde.
Klokka vart halv tolv før eg var i Staveneset og fekk sjøsett kajakken etter å ha forsert isbeltet innerst i vågen.

Frå Stavenesvågen.
Einaste selskapet eg hadde i dag var min eigen skugge.

Litt skvalpesjø inn mot babord på veg sørvestover mot Heggøyna,  der eg var inn i Vaulen før eg snudde og sette kursen over mot Smelværet. Kom over ein selkoloni på rundt 20 dyr som eg uroa der dei låg å sola seg på eit skjær ved Heggøyna. Skjæret vart brått halvert, og kolonien heldt auge med meg i sitt rette element der eg for forbi. Kom eg for nær forsvann dei med eit slups.

Frå Smelværosen mot Alden.

Inne i Smelværet var det blikkstille, og i den klare sjøen såg eg botnen på fleire meter. Mykje fugl, her som ellers på turen, og eit oterpar som rota i flomålet. Spor etter oter såg eg over alt på dei snødekte holmane.
Frå Smelværet.

Ikkje så djupt her, og lett å sjå korleis botnen er.

Beinstrekk og matpause.

Eg lånte kaia i Smelværet for ei pause med niste, i dag var det lefse og sjokoladedrikk som sto på menyen, før eg sette kursen heim. Litt skvalpesjø og vind i mot over mot Staveneset. Eg nådde land omtrent på same tid som sola gjekk ned, 3 timar etter at eg la ut.
Det vart ca. 14 km. sol(o)padling :-)
Heile albumet HER

25 desember 2010

Julebord i Smelværet og klubbtur til Møkalasset.

Det har vore travelt i det siste, men eit par turar i ein kald desember har det likevel vorte tid til. Første søndagen i desember var det fine forhold for ein tur til havs. Ti minuttar køyring heimanfrå ligg Staveneset, utgangspunktet for dei fleste turane mine i kajakken, også denne dagen.

 Frå Staveneset

 Eg måtte bryte meg gjennom eit lite belte med is inne i Vaulen før eg sette kursen nordvestover mot Ryggene. Utanfor her merkar ein havdønningane godt og kjenner kor liten ein blir i dei mektige naturkreftene.

 Utsikt frå Ryggene inn att mot Staveneset

 Litt rotete sjø i dønningane.

Litt grovare sjø var det òg her ute, og eg padla vidare mot Kråka og inn i Smelværet der sjøen roa seg att. Eg gjekk i land på Sandholmane, og i desse førjulstider tenkte eg at det var på sin plass med eit lite julebord i snøen; grovskiver med sylteflesk på, og til å drikke attåt hadde eg solbærtoddy med rosiner i, julegløgg med andre ord, og varm sjokolade. Eit lite, men framifrå selskap tenkte eg med meg sjølv der eg slurpa i meg gløggen og skua vestover havet.
Julegløgg :-)

Det laga seg til med snøbyger sørfrå, og den første nådde meg før eg kom meg i båten att. Haglbyger rettare sagt, og  hetta på Kokataten god å ha på veg inn att.

Godt med hette :-))

Staveneset vart borte eit par ganger på heimvegen, men dukka heldigvis opp att.

 Staveneset rett fram.....trur eg..

 ...der dukka det opp att.

Ein flott, men litt kald tur på ca. 9,5 km som eg brukte rundt 2,5 timar på.

Frå Staveneset mot Smelværet i horisonten.
Fleire bilder frå denne turen finn du HER


 Klubbtur til Møkalasset

Siste søndagen før jul var vi fem stykker frå padleklubben som møttest på Øyra i Askvoll. Godt kledde i seks minusgrader padla Lene, Nina, Odin, Oddvinn og eg sørover gjennom Olssundet forbi Prestøyna til Flatøyna. Stilt og fint på sjøen og veret kan vel ikkje bli stort betre på denne årstida, så vi tok oss god tid og prata og kosa oss utover.

Nina og Lene på Askvika

Oddvinn og Odin med Øyra i bakgrunnen.


Lene ved Prestøyna

Odin på oterjakt med superzoomen.

Vi bestemte oss for å padle til Møkalasset og sette kursen dit. Litt sur austatrekk ute i Vilnesfjorden, men som sagt var vi godt kledde så det la ingen dempar på turen.

Ved Møkalasset.
Utsikt vestover mot majestetiske Alden

Mot Sauesundet.

Inn att padla vi på vestsida av Krokholmen og inn i Sauesundet. Der var vi i land og strekte på beina og tok ein matbit, men det var kaldt nok å stå i ro så det vart ikkje lange pausa. Neste gang tek vi med ved og lagar bål var vi einige om.
Vidare gjekk turen gjennom Sauesundet og strake vegen over Askvika inn att til Øyra.
Lene og Odin med Askvoll bak.

Eg hadde ikkje lada batteriet i kameraet før eg for, og i kulden vart det fort tomt for strøm, så det vart ikkje så mange bilder frå turen. Men vi er fleire ivrige bloggarar med kamera i klubben !
Odin sin versjon av turen finn du HER
Og Lene sin HER

Takk for ein fin førjulstur til Lene, Nina, Odin og Oddvinn

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...