25 januar 2008

I dag var det storm frå vest og sjøen kom tung og grov rett inn fjorden. Var ein tur ned på kaia for å sjå etter, og der sto sjøen nesten jamhøgt med kaikanten. Bilda er tatt omtrent ein time før full flo. Store bårer slo langt innover kaia og vegen og gjorde ein god del skade. Her blir det arbeid å ta fatt i før turistsesongen.




Stormflo 25.01-2008

12 januar 2008

Fjelltur 12.01-08

Ein flott dag på fjellet i dag, blikkande stillt og sol. Og mange kjekke folk å treffe ikkje minst.

A nice day in the mountains today, a low winter-sun and no wind. And not to forget- many nice people to meet.

06 januar 2008



Ein kald og vindfull tur på Skylefjellet i går. Det var ikkje mange som tok turen, men Dag Tore og Gisle hadde vore der før meg. I dag var forholda betre så eg treffte 8 andre poeng-samlarar. Kjekt at så mange finn vegen til fjells.

05 januar 2008

Stavfjorden-Smelværet 31.12-2007
Bilder tatt med dårleg mobilkamera frå ein padletur Roy Ove og eg hadde frå Staveneset ut til Smelværet den 31.12-2007.