08 august 2011

Med Kristin i Smelværet.

Kristin, eldstejenta, har så vidt prøvd seg i kajakk før, og det har gitt meirsmak. Vi har snakka om ein padletur i lag ei stund, og søndag gjorde vi alvor av det. Flott vêr og omtrent vindstille, så vi sette kursen mot Smelværet.

 Med kurs rett vest.

Vikeplikt for trafikk frå styrbord...eller har "motorbåten" vikeplikt for "robåt"? Uansett, dårlege odds for ein kajakk.

 Ved Kråka.


 Utsikt sørover frå Kråka
 

 Ved varden på Kråka, Kinn og Reksta i horisonten.

 Klar til ny økt.

 Vest om Smelværet

Vi padla ut til Kråka, der vi var i land ein tur, og vidare på vestsida av Smelværet til vi runda Storøyna på sørvestpynten. Her vart det pause med niste, kaffi og sjokolade før vi padla inn att. Kvalitetstid med flottaste utsikta ein kan tenkje seg.


 Pause sør på Storøyna.

 Utsikta.



 Inn att mot Staveneset.

 I Stavenesvågen.

 Padleruta.

Kristin padla som om ho aldri skulle gjort anna, far sjølv er i alle fall ganske imponert. Vi brukte ikkje stort lengre tid enn eg ville gjort åleine på den 13 km lange turen.
Alle bilda frå ein flott tur finn du HER

2 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Er det aktuelt for Kristin å ta grunnkurs på Stormsamlinga i Bulandet? Kjekt at du rekrutterar!

Odin Hestholm sa...

Fine bilete! Gledar meg til eg kan ta med dei eldste ungane mine ut i dette området eg og! Øyane nordvest for Atløy har blitt min nye favorittstad.