27 april 2011

Skarv.

I forrige innlegg nemner eg at eg er på jobb på Stord. Eg har vore her fleire periodar siste 2-3 åra på store prosjekt for oljeindustrien. Her vert det bygd store offshore boreriggar og plattformar. Store deler av Gjøa, som ligg nokre få mil vest for Bulandet, vart bygd her.
No er det Skarv, som er bygd i Korea, som ligg her og blir ferdigjort. Skarv FPSO  er eit produksjonskip, 300m langt, 50m breitt og flammebommen stikk 145m til værs. Den er eigd av BP og skal i produksjon på Skarvfeltet vest av Brønnøysund når den går herifrå.

Skarv FPSO (Floating, Production, Storage and Offloading) - samme farge som båten min, men litt større.

Eg jobbar 12 timars skift frå 7 til 19 så det blir korte kveldar, men ein sykkeltur er det tid til. Stord har mange flotte sykkelturar å by på, men best likar eg turen over bruene i trekantsambandet over til Bømlo. Gode sykkelstiar i flott natur, og ikkje altfor lange og bratte bakkar.

Bruene i Trekantsambandet sett frå Bømlo.

Sjølvportrett på Stordabrua.


Bilda er tatt med mobilkamera.

24 april 2011

Påsketur...på jobb.

Knallflott påske med sol og sommartemperaturar ! "Alle" er heime og kosar seg med turar både på fjell og sjø, og diverse andre sosiale syslar ! Og kva gjer eg ? Jau, eg er på jobb på Stord heile påska ! Lite hjelp i at det er samme flotte vêret her nede, - heller tvert imot ! Da e sjølvsagt knallhardt å måtte svette i kjeledress lange arbeidsdagar, og vite at andre har fri og kosar seg i finevêret.
I dag er det påskeafta, og sist eg var på tur i kajakken var lørdag for 14 dagar sidan. Det sto allerede ein bil med kajakkstativ på taket i Staveneset då eg kom, så eg speida etter andre kajakkar der eg padla utover. Eg fekk auge på dei nord om Ryggene, og sette kursen bortom for å helse på. Det viste seg å vere to karar frå Førde som hadde funne vegen ut hit i dønningane.


Båtar på veg nordover.

Fleire på tur i finvêret.

Vi slo av ein prat, som sjølvsagt handla om felles interesser, før eg padla vidare mot Kråka og sørover Smelværet. Eg rasta på Guridøyna og sjekka at kabeltrommelen som eg plasserte der i fjor haust låg der enno, og det gjorde den.

Trommelen frå "Operasjon Kabeltrommel"

Fleire som har organisert trevirke på Guridøyna.

Ellers var det ymse saker som hadde reke i land...


..beholdarar for både eitt og hitt, begge var nok tomme... her skulle vore ryddedugnad !..

..men då må det nok større båt til.

Eg padla bortom Heggøyna og helsa på selkolonien i Heggøyvågen, før eg sette kursen heim att.

Fin tur på godt 14 km og ca. 3,5 t.
 
På tirsdag reiser eg heim til tre veker fri, så eg håpar at godvêret held fram !
På sjøen skal eg i alle fall...

03 april 2011

Flekkefjorden.

I dag padla Nina og eg frå Eikenes, over Dalsfjorden og inn Flekkefjorden, ein smal og idyllisk fjord som kanskje er flottast å padle ein sommardag, men det var flott i dag og.

 Nina x 2

Omtrent halvegs inn fjorden ligg bygda Haugland med Hauglandsenteret og United World College. Ein liten by i bygda med flotte bygningar i vakre omgivnader.

Frå Hauglandsenteret.

God byggeskikk.

UWC.

Lenger inne i fjorden ligg denne perla.

Og heilt innerst i fjorden traff vi Per.

Per tykte det var gale at vi ikkje hadde råd til motor. Han bur her innerst i fjorden, og der er fjorden freda.....då er vel Per det òg vil eg tru.

Mat, kaffi og sjølvportrett.

Vi var svoltne etter kvart så vi var i land og åt litt før vi padla ut att fjorden. Fekk ei lita regnbyge på oss då vi var på land, men fann ly for den under eit halvtak.

På veg ut att.

Fleire UWC- bygningar.

Hauglandsenteret igjen. 

Ytterst i fjorden ligg  Jensbua der dei  mellom anna restaurerer gamle båtar.

Leitet, idyll ytterst i Flekkefjorden.


Leitet.

Mot Rivedal.

Over på nordsida av dalsfjorden att - Ripeneset.

Idyll på Ripeneset.

 Dagens tur - kart frå Statens kartverk og GisLink.

Flott tur på 17,5 km

02 april 2011

Sol(o)tur

I dag var det knallvêr til ein forandring, så etter å ha unnagjort ein nødvendig tur til Førde, og ein til Olsetvikane for å kvitte meg med litt skrot, pakka eg skipssekken, monterte båten på bilen og køyrde rett i Staveneset. Flott ettermiddagssol, nesten vindstille og fem-seks plussgrader ønskte meg velkommen. Nattefrosten hadde lagt att eit tynt islag innerst i Stavenesvågen, så Vallyen måtte gjere tjeneste som isbrytar dei første 50-60 meterane. Det greidde den sjølvsagt heilt flott, og vel ute i ope farvatn bar det rett vestover.

Stor fjære

On the rocks..

Ein speidar var det første som møtte meg då eg nærma meg Smelværet. Ein skarv i lav høgde og i store sirklar rundt meg. Eg har lagt merke til det fleire gonger;  når eg nærmar meg ein skarveflokk kretsar det eit, av og til to individ rundt meg nokre rundar, som om dei vil sjekke ut kva dette er for noko. Eg såg etter flokken og oppdaga den på ein holme nokre hundre meter unna.
Det var mykje fugl å sjå, og sør i Smelværet sat eit ørnepar på eit skjær. Eg prøvde å snike meg innpå for å ta bilder, men ørna var ikkje interessert i nærkontakt i dag heller.


Tviberg og Alden i vårsol.

Ørn på vakt.

Fastbuande på Heggøyna.

I Heggøyna vart eg møtt av ein flokk firbeinte som var atskilleg meir interessert i kontakt. Dei trudde kanskje eg hadde mat med, noko eg for så vidt hadde, men den ville eg ha for meg sjølv.
Eg rusla litt rundt i vårsola, den varma faktisk godt, før eg sette meg i kajakken att. Planen var å padle gjennom Vaulen over til austsida av øya, men der var det ikkje sjø nok i dag, ikkje eingong til ein kajakk.

Ikkje lett å padle her.

Blått hav og Staveneset.

Eg snudde båten og sette kursen heimover. Inne i Stavenesvågen hadde sola vunne over isen, eller vår over vinter om du vil, så eg kom meg i land utan hindringar.



Fin tur på ca. 15,5 km, første vårturen i år !

Det med skarvespeidarar er det fleire som har lagt merke til ! Eg googla "skarv speider",  og kven andre enn Padlemia, ein blogg eg følger og som du finn link til her på sida, dukka opp blandt søkeresultata.
HER finn du den historia. 

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...