27 april 2011

Skarv.

I forrige innlegg nemner eg at eg er på jobb på Stord. Eg har vore her fleire periodar siste 2-3 åra på store prosjekt for oljeindustrien. Her vert det bygd store offshore boreriggar og plattformar. Store deler av Gjøa, som ligg nokre få mil vest for Bulandet, vart bygd her.
No er det Skarv, som er bygd i Korea, som ligg her og blir ferdigjort. Skarv FPSO  er eit produksjonskip, 300m langt, 50m breitt og flammebommen stikk 145m til værs. Den er eigd av BP og skal i produksjon på Skarvfeltet vest av Brønnøysund når den går herifrå.

Skarv FPSO (Floating, Production, Storage and Offloading) - samme farge som båten min, men litt større.

Eg jobbar 12 timars skift frå 7 til 19 så det blir korte kveldar, men ein sykkeltur er det tid til. Stord har mange flotte sykkelturar å by på, men best likar eg turen over bruene i trekantsambandet over til Bømlo. Gode sykkelstiar i flott natur, og ikkje altfor lange og bratte bakkar.

Bruene i Trekantsambandet sett frå Bømlo.

Sjølvportrett på Stordabrua.


Bilda er tatt med mobilkamera.

Ingen kommentarer: