06 mai 2011

Blåna 29.april

Eg tok litt forseinka påskeferie forrige fredag. Eigentleg hadde eg "fornuftige" ting å ta meg til, og starta dagen med eit ærend til Askvoll sjølv om vêret var knallflott og padlesjuka var påfallande. Men så fekk eg ein mms med bilde av ein kajakktupp på ein knallblå fjord nede på Karmøya og dermed forsvann all fornuft, eller kanskje var det fornuften som sigra ? Eg køyrde rett heim, pakka skipssekken og stakk til havs.
Det bar vestover gjennom Smelværet og ut til Blåna som ligg ca. 8 km vest om Staveneset. Mellom Smelværet og Blåna går ytre skipsleia, ikkje så tett trafikk, men dei fleste andre båtar går fort i forhold til kajakken og kan komme fort på.

 Denne kom rett mot meg, men endra heldigvis (for han) kurs.

 Ved Blåna.

Hadde tenkt å raste på Blåna, men det var så pass drag i sjøen at ilandstiging var vanskeleg. Eg padla vidare sørvestover til Hindøy og rasta istaden på ein holme der. Det var sommartemperatur i lufta og varmt i tørrdrakta, så eg vrengde av meg og fekk litt sol på ein vinterbleik kropp.

 På ein holme ved Hindøy, utsikt mot aust.


 Mot Herland

 Mot Hovden på Atløy

 Frå Heggøyosen mot Staveneset.

Vinden stilna heilt seint på ettermiddagen, og turen inn att gjekk på spegelblank overflate.
Eg avslutta turen med årets første sjøbad, kaldt og friskt !

Dagens tur, 22 km.
Fleire bilder HER

2 kommentarer:

Liv sa...

Nydelege bilder og sikkert ein fantastisk tur!!

God helg :)

Odin Hestholm sa...

Har sjølv lurt på kor mykje autopilot dei store båtane ut i havet brukar ja.. Greitt å vere obs.. :-/

Elles flotte bilete, Kjell!

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...