24 juni 2009

Padletur 23.06 2009
Det var stilt og fint på Stavfjorden i går. Roy Ove og eg padla frå Staveneset ut til Kråka nord i Smelværet. Inne i fjorden var det skyer og gråver når vi for, men ute i havet kom godveret sigande innover så det var skikkelig sommartemperatur i lufta når vi sette kursen vestover. Nord og vest for Smelveret er det mange grunnar som det bryt på, og enkelte lagar lange fine surfebølger under rette forholda. Roy Ove prøvde å treffe ei god bølge, medan eg prøvde å få gode bilder, men det var litt for stille og langt mellom dei gode bølgene. Men eit par surfar vart det no, og litt bilder vart det og, før vi sette kursen heimover til jonsokfeiring i Stangsfjæra. Der var det mykje folk samla i godveret som no hadde funne vegen inn i fjorden.

19 juni 2009


På forrige tur til Stord tok eg med meg padleutstyret mitt, og satsa på å få låne meg ein kajakk for å utforskre skjærgården vest for Fitjar. Kajakk fekk eg låne, og turfølge fekk eg òg. Ole Andreas er padleentusiast og godt kjent i dette fantastiske padleterrenget. Vi fekk oss ein flott tur rundt øyar og holmar som er mykje nytta til hytte og friluftsliv.
Bilder frå turen finn du her.

14 juni 2009

Søndagsfri og sykkeltur. .


...til Brandasund nord på Bømlo

På 12-9 rotasjon har vi fri søndagen midt i turen. Den kan bli lang og kjedeleg dersom ein ikkje finn på noko å ta seg til. Stord og naboøyane har flott natur å tilby både til fjellturar, sykkelturar og kajakkturar. I dag vart det sykkeltur til Brandasund som ligg nord i nabokommunen Bømlo. Ein flott tur, - først over bruene i trekantsambandet over til Bømlo og vidare nordover til øyar og holmar som er samanbundne med bruer heilt nord til Brandasund, då kjem du ikkje lenger landevegen. Dit er det ca. 43 km frå Leirvik. Eg tok meg god tid i fineveret, hadde med meg niste som eg inntok i Brandasundet, med kaffi attåt som eg kjøpte på søndagsopen butikk der. Søndagsopen butikk var det rett over sundet og, - på Skjeret. Eg fekk òg gå inn i gamlebutikken som "Nillo på Skjeret" dreiv i 70 år og som var viden kjend. No er det sonen hennar som driv ny landhandel rett attmed - ikkje noko Rema 1000 der i gården, men ein god gammaldags butikk med rikt utval. Kjekt å finne i våre dagar.
Bilder frå turen finn du her.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...