30 oktober 2011

Ruskevêrstur.

Ruskevêr med mykje sønnavind ute i havet fekk oss til å velge Førdefjorden som mål for dagens padletur. Nina og eg padla frå Flokeneset og valgte å padle innover fjorden til ein forandring.

Ut på tur, aldri sur..

Litt rufsete sjø utover mot Flokeneslykta, og ei solid regnbyge, så vêrmeldinga heldt stikk. Det var visst ikkje berre vi som hadde trekt inn i fjorden pga. vêret, mykje skarv og anna fugl var å sjå, og ikkje minst ørn ! Vi såg mykje av den majestetiske fuglen rundt Flokeneset, og sjølv om eg ikkje såg meir enn fire stk. på ein gong, trur eg det var fleire.

Ikkje så lett å få bilder, men her er to ørner.

Litt lettare skydekke og mindre sjø innover langs land til Skorva, eller Skorven som det står på kartet, før vi kryssa over til Hegreneset.

 
 Selvika til venstre i bildet.

Flott farge på Nedre Markavatn kraftstasjon ;-)


Ved Hegreneset.

Vi rasta på hegreneset før returen i motvind ut att mot Flokeneset.

Flotte former i fjell.

18 km. vart det i dag.

Fin tur sjølv om vêret ikkje var av beste sorten. Det verste med tur i dårleg vêr er faktisk å komme i gang, resten er faktisk heilt flott berre ein er godt kledd.

25 oktober 2011

Sol, vind og bølgjer.

Vi var tidleg på`an i dag, Roy Ove og eg. I kajakkane før sola hadde nådd Staveneset, så den helsa vi velkommen i rom sjø.

Good morning sunshine !

Vi har hatt lite godvêr i haust, men no har vi hatt eit par dagar med sol og nesten sommartemperatur, i alle fall om årets sommar skal brukast som mal. Godt å komme seg til havs slike dagar.
Medbør utover mot Kråka, og vi padla på utsida av Smelværet der vi hadde selskap av mykje skarv som sirkla rundt oss og ei ørnepar som heldt auge med oss frå høgste punktet på ei av dei mange øyane her ute.

 Roy Ove prøvde seg på ein surf.

 Tidleg lunch på Storøyna, før vi tok fatt på returen. Vi fann ei livbøye på eit svaberg som vi festa bak på kajakken min og tenkte å ta med heim att.

Livbøye, ein gong heimehøyrande på Stornes av Rotterdam.

Vinden og bølgjene hadde auka på og no hadde vi motbør. Meldingane hadde lovt 10 m/sek vind og det hadde vi nok, og meterhøge bølgjer, så vi fekk god trim den timen vi brukte inn att. Bøya la seg på skeive og streka merkbart, så den måtte vi la segle sin eigen sjø, det var tungt nok utan.
Tilbake i Staveneset litt før kl. eitt, ca 3,5 timar etter at vi for.


Flott tur på 12 km.

09 oktober 2011

Ut i bølgjene !

Eg hadde egentleg skrudd av "padlemoduset" i går, men det var før eg såg 3 bilar på veg mot Staveneset fullasta med kajakkar. Eg var nett begynt med noko støypearbeid og tenkte; HEL....! og vart sjølvsagt ofseleg padlesjuk. Støypearbeidet vart fort unnagjort, ei tekstmelding til Roy Ove og kl. halv fire var vi i kajakkane på veg vestover frå Staveneset.
Gjengen som hadde trigga padlemoduset mitt fann vi i Smelværet. Dei hadde hatt ein fin dag ute i bølgjene og var på veg inn att.



Sunnfjord Kajakkklubb på tur.

Roy Ove og eg padla ut i bølgjene vi og, gode havdønningar i lag med krappe vindbølgjer gav litt utfordringar.

 Bølgjeleik

Høgt og lavt.

Vi traff ei og anna surfebølgje, og hadde det skikkelig moro inn att over mot Staveneset.

Flott tur på 12 km.
Fleire bilder HER

05 oktober 2011

Stormsamling 2011, 30.09-02.10

Så var det klart for Stormsamling i Bulandet igjen! I år som i fjor var det fleire av oss som reiste ut tidleg på fredagen for å få mest muleg ut av helga. Og i år som i fjor var vi ikkje seine med å få kajakkane på sjøen etter å ha innstallert oss på Buatoppen. 

Kristin klar for Stormsamling og grunnkurs.

Bra vêr på fredagen og vi fekk oss ein fin tur, først litt leik i bølgjene og etterpå ein tur i stillare farvatn.
I vind og bølgjer.

Lene, Nina, Kenneth og Kristin på tur.

Olsundbrua bak.

Lene poserer.

Lørdagen var litt gråare med litt regn ut på dagen. Kristin var på grunnkurs, medan andre var "turistar" og padla etterkvart ut i 10-12 m/s vind og bølgjer.

På guida tur innaskjærs.
 
Meg i Valleyèn (foto: Jan Kåre Andreassen)

Nina og Jan Kåre.

Lunchpause ved butikken, med kaffi og nysteikte vafflar (takk for vafflar Arinbjørn) Etter pausen vart det trening på kameratredning og eigenredning i bølgjer og vind, noko eg trenar altfor sjeldan på, så det var ei nyttig økt.

Her er Lene i ferd med å redde Jørn.

Lørdagskvelden var det sosialt samvær og god middag i Floren til Liv Turid. 60-70 padleglade frå nær og fjern hadde ein alle tiders kveld.

Søndagen padla vi tur rundt omkring og inntok lunchen ved fyrlykta på Sandøyna

Lunch ved fyret.



Flott vêr og nesten vindstille, så vi var ein tur på vestsida av Sandøya og keik på brottsjøane. Eg tok mest bilder og andre surfa.

Tok bilder Arinbjør òg.

Åreløfting - Arinbjørn, Kenneth, Nina og Lene.

Kenneth i farta.

Vi hadde ein knallfin dag på sjøen før vi måtte pakke saman og tenkje på heimvegen.

Kristin og resten av grunnkurset avsluttar.

Flott helg i Bulandet i lag med kjekke folk og gode venner.
Fleire bilder HER

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...