05 oktober 2011

Stormsamling 2011, 30.09-02.10

Så var det klart for Stormsamling i Bulandet igjen! I år som i fjor var det fleire av oss som reiste ut tidleg på fredagen for å få mest muleg ut av helga. Og i år som i fjor var vi ikkje seine med å få kajakkane på sjøen etter å ha innstallert oss på Buatoppen. 

Kristin klar for Stormsamling og grunnkurs.

Bra vêr på fredagen og vi fekk oss ein fin tur, først litt leik i bølgjene og etterpå ein tur i stillare farvatn.
I vind og bølgjer.

Lene, Nina, Kenneth og Kristin på tur.

Olsundbrua bak.

Lene poserer.

Lørdagen var litt gråare med litt regn ut på dagen. Kristin var på grunnkurs, medan andre var "turistar" og padla etterkvart ut i 10-12 m/s vind og bølgjer.

På guida tur innaskjærs.
 
Meg i Valleyèn (foto: Jan Kåre Andreassen)

Nina og Jan Kåre.

Lunchpause ved butikken, med kaffi og nysteikte vafflar (takk for vafflar Arinbjørn) Etter pausen vart det trening på kameratredning og eigenredning i bølgjer og vind, noko eg trenar altfor sjeldan på, så det var ei nyttig økt.

Her er Lene i ferd med å redde Jørn.

Lørdagskvelden var det sosialt samvær og god middag i Floren til Liv Turid. 60-70 padleglade frå nær og fjern hadde ein alle tiders kveld.

Søndagen padla vi tur rundt omkring og inntok lunchen ved fyrlykta på Sandøyna

Lunch ved fyret.



Flott vêr og nesten vindstille, så vi var ein tur på vestsida av Sandøya og keik på brottsjøane. Eg tok mest bilder og andre surfa.

Tok bilder Arinbjør òg.

Åreløfting - Arinbjørn, Kenneth, Nina og Lene.

Kenneth i farta.

Vi hadde ein knallfin dag på sjøen før vi måtte pakke saman og tenkje på heimvegen.

Kristin og resten av grunnkurset avsluttar.

Flott helg i Bulandet i lag med kjekke folk og gode venner.
Fleire bilder HER

1 kommentar:

AG sa...

Dette ser ut til å ha vore ei alle tiders helg, til og med sola fekk doke sjå.