17 mai 2012

Paddle on...

Neidå, eg har ikkje lagt inn årane! Sjølv om det har vore pause i blogginga nokre månader, har kajakken vore på sjøen nokre turar. Kameraet er som regel med, og her er eit lite resymé;

Lindåsbassenget
I februar var Nina og eg å padla i Lindåsbassenget og slusene der. Flott padleterreng i skjerma farvatn og litt ekstra spenning i dei sterke tidvasstraumane. Området er kjent i padlesamanheng og kan anbefalast.

Flott vinterver i Lindåsbassenget 

Vi prøvde oss både med og mot straumen i Lindåsslusa. Lite straum når vi var der, men det kan visst vere vanskeleg å padle mot når staumen er sterk, og sikkert ekspressfart medstraums. 

 Nina motstraums i Lindåsslusa.


 Naturens eigen kunst speglar seg i blikkstille sjø.


Spennande padleterreng.

Lindåsbassenget har tilrettelagde rasteplassar med telt og bålplassar, og eg kunne tenkt meg tilbake hit når det er litt varmare i veret. Området egnar seg godt til ekspedisjonar med telt og kokeapparat. 

Heimebassenget

Nokre turar frå Staveneset har det vorte og, vi har jo verdens beste padleterreng rett utanfor stovedøra. Herifrå kan ein velge og vrake mellom lange turar over ope hav i gode dønningar, eller kortare turar mellom holmar og skjær i litt meir skjerma farvatn. Og er det for mykje vind og bølgjer kan ein jo alltids padle innover fjorden. 
Som her, inn Stongfjorden med vind og haglebyene i ryggen i byrjinga av april.

Litt kjekkare i godver med selskap nokre dagar seinare, sørvestover forbi Heggøyna og ut til Hindøyna....

 Brua over Vaulen i Heggøyna er eit ynda motiv.

 Eit av tjerna på Tjernholmen

 Der skremde eg opp ei grågås som låg på desse.

 Litt meir vind og sjø på tilbaketuren.

....eller ein kveldstur rundt Raudøyna i midten av april, i sol og flott ver, men med  frisk nordavind og grov sjø. Vi fann ly for vinden på sørvestsida og laga oss middag på eit svaberg med utsikt til Høyvika 

Kokk på uteresaurant.


Klar til servering.


Søndagen etter var det knallver, sol og nesten vindstille, og vi sette kursen nordover frå Staveneset, over Stavfjorden til Trefotskjæret.

Upåklageleg utsik sørover, Staveneset øverst til venstre og Alden bak lykta.

 Stormkjøkkenet var med no og, så det vart varm lunch på skjæret før vi padla vidare..

Over tansøyosen.

Brua mellom Tansøya og Askrova.

Ved Tansøya låg Kraken og døsa. Han heldt eit auge med Nina, men var nok mett og doven....

...og vi kom oss trygt tilbake over Stavfjorden att.




Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...