30 desember 2011

Årets siste tur.

På årets nest siste dag laga det seg endeleg med tid og vêr til ein padletur igjen. Målet mitt i år, 400 km og distansemerket i bronse, nådde eg på stormsamlinga i haust, men no hadde eg berre 15 km igjen til 500 km, og det tenkte eg kunne vere eit flott tall og avrunde årets padlesesong med.
Roy Ove og eg padla ut i dønningane etter Dagmar, som har herja langs norskekysten i romjula, ut om Smelværet der sjøen var temmeleg grov med gode dønningar og ein del skvalpesjø.
Roy Ove i motbakke.
Vi rasta på Storøyna og der var det tidleg vår..:)


Ut att i dønningane.

 Eit ørnepar heldt auge med oss frå ein holme, denne var den modigaste.

Rolegare over mot Heggøyna.

 Mellom Heggøyna og Skomsøyna.

17,5 km padla vi i dag, så eg enda på 502,5 km i 2011

Om det er fotografen eller kameraet veit eg ikkje, men det vart mange dårlege bilder på turen i dag, HER er dei beste.
 
Godt Nytt År til alle som les bloggen!

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...