28 september 2010

Kaffibesøk på Tviberg.

Søndag 26. september hadde eg invitasjon til kaffi på Tviberg. Lene og Nina hadde padla utover frå Askvoll på lørdagen og overnatta i telt på vestsida av øya. Ein slik invitasjon kunne eg sjølvsagt ikkje sei nei til, i alle fall ikkje når søndagen rann med skyfri himmel og omtrent vindstille, med andre ord perfekt for ein tur til havs i kajakken. Eg padla frå Staveneset litt over kl.10, sette kursen sørvestover og brukte to timar på turen ut.



Damene hadde funne ein flott leirplass innerst i ein våg med fin sandbotn og med god plass til telt. Einaste som mangla var tilgang på godt vatn, men det er ikkje lett å finne nokon plass på øyane her ute. Eg kom akkurat tidsnok til lunch og kaffi ( skal ikkje røpe kven som hadde kokt kaffien, men han var jaggu framsynt) og etter at telt og soveposar var pakka i hop var vi klar for neste etappe, dvs først måtte vi ha eit gruppebilde.



Damene hadde padla på sørsida av Atløy og Tviberg på veg utover og ville padle på nordsida inn att og sørover Granesundet tilbake til Askvoll. Her er eg etter kvart godt kjent og kunne ta på meg rolla som guide. Vi padla over til Hindøya og på nordsida av denne, over Hindøysundet forbi Avløypet og over til Heggøyna. Der padla vi inn i Vaulen, og lånte oss eit bord på ei kai til ein rast og litt mat.



Vi rydda fint etter oss før vi tok til på siste etappe. Vi padla i lag nord om Heggøyna der turfølget mitt sette kursen mot Granesundet og Askvoll, og eg ei litt kortare distanse tilbake til Staveneset.
Dette vart faktisk lengste turen eg har padla, godt 27 km, men kva gjer ein ikkje for ein god kopp kaffi, kombinert med ein flott padletur i lag med spreke og kjekke jenter !
Lene og Nina padla 21 km. denne dagen og 19 dagen før, til saman 40 km.
Lene sin turrapport finn de HER.
Og fleire bilder frå ture finn de HER.