25 januar 2011

Meir grått og vått.

Eg hadde vel egentleg slått i frå meg padletur på søndagen, trur eg, men så var eg innom Facebook på laurdagskvelden, og plutseleg hadde eg ein avtale med Odin; padletur til Smelværet med start søndag kl. 10 frå Staveneset. Så der gjorde eg det igjen gitt ! Det er ikkje lenge sidan eg låg under dyna ein søndagsmorgon og angra på at eg hadde avtalt tur så tidleg. Men ein avtale er ein avtale, så kl.10 var Roy Ove, som òg vart med, Odin og eg klar for tur.

Roy Ove er klar og ventar på fotografen.

Hauk over hauk. Odin òg skal ha bilder til bloggen sin.


I motbakke nord om Ryggene.

Vi padla utover forbi Ryggene og kom ut i lange fine dønningar vidare mot Smelværet. Å padle i slike dønningar får meg alltid til å erkjenne kor liten og maktlaus ein er mot kreftene i naturen.

Rikeleg med skarv her ute, - her sit ein flokk på tørk.

Beinstrekk

Fornøgde padlarar i regnbyga.


Kaffi og niste inntok vi på Sandholmane. Til no hadde vêret vore ganske bra, nesten vindstille og lite regn, men rasten vart avbroten av ei regnbyge, og vi pakka sammen og kom oss i båtane att. Inn att la vi turen om Melsholmen der to selar heldt auge med oss.


Odin ved Melsholmen.

Tilbake til start.

Vi brukte ca. tre timar på turen som vart nesten 11 km.
Fleire bilder frå turen HER
Odin sin versjon HER

16 januar 2011

Grått og vått.

Det har vore eit skikkelig grisevêr i helga, men eg hadde bestemt meg for ein padletur, så i dag køyrde eg i Flokeneset og sjøsette der. At eg valde Flokeneset var mest for å komme i ly for sønnavinden, men og fordi det er eit flott padleterreng med holmar og skjær og mange flotte vikar. Det regna ikkje då eg gjorde meg klar og la i frå land, men det gjekk ikkje lang tid før det hølja ned igjen, og det gjorde det stort sett heile turen. Godt å ha tørrdrakt når det er like vått (nesten) over vassflata som under.

Ut frå Flokenesvågen.

Skarv ved Flokeneslykta.

Eg padla ut til Flokeneslykta før eg sette kursen sør og vestover mot Stavestranda. På avstand ser terrenget frå Vågane og utover stranda kjedeleg ut, men på nært hold er det langt meir spennande med holmar og vikar utover.

Fiskematautomat.


Frå Holmen.

Strandhogg ved Holmen, - måtte snu båten for å sleppe å ause.

Vestover frå Holmen.

Eg var i land ved Holmen, som ligg vest på Stavestranda, men det vart ein kort rast i grisevêret. Slike dagar hadde det vore kjekt med eit lite telt som er enkelt og kjappt å slå opp, slik at kaffien ikkje blir så tynn og kald på ein augneblink, - nokon som har eit godt tips ?

Ser du godt etter finn du ein oter som nett har oppdaga meg. Sekundet etter var den borte. (Alle bilda er klikkbare, og klikkar du ein gong til får du dei i full størrelse)

Returen padla eg langs land innover til Nærvika og Bråtevika. Oter såg eg fleire gonger på turen, og mykje fugl. Mest skarv, og inne på Vågøyna letta det ei stor havørn då eg for forbi.
Høgeloftet - tøfft namn på ein tøff holme.

Hyttefeltet i Nærvika.

Frå Nærvika

Frå Flokenesvågen.

Flokeneskaia.

Eg var tilbake i Flokeneset i halv fire tida, fire timar etter at eg starta. Tett opp under 17 km vart det i dag.
Heile albumet frå turen HER

07 januar 2011

Første etappe.

I år har eg sett meg som mål, i lag med eit par tre andre i klubben, å padle til Norges Padleforbubd sitt distansemerke i bronse. Då må eg loggføre 400 km i kajakken i løpet av året. Eg har ikkje ført nokon nøyaktig logg for 2010, men eg har padla tett opp under 400 km så det burde vere eit realistisk mål å nå.(På padleforbundet sine sider, og på diverse andre padlebloggar, ser eg at dei ivrigaste har padla både eit og to tusen km. i løpet av fjoråret, og då blir 400 for peanuts å rekne.)
2. nyttårsdag padla eg første etappe i lag med Roy Ove. Vi la ut frå Staveneset i halv elleve tida og padla utover forbi Faneskjæra og ut til Kråka. Når det er litt drag i sjøen er det i tillegg til store dønningar, ganske rotete sjø rett nord om her, og mange plassar bryt det kraftig. På kartet ser ein at havdjupna stig bratt frå rundt 200 meter til nærmare null, og det forklarar vel kvifor det er slik.

I dag var det såpass rotete at eg ikkje torde å sleppe padleåra for å ta bilder før vi var i litt smulare farvatn.       
 Nord i Smelværet
 Surfebølge for dei som vil..

Det var fjærande sjø, og medan vi låg og pausa og såg på ei grunne der det braut kraftig, merka vi brått at det var like før det braut der vi låg også, så vi fann ut at det var best å flytte på oss. Vi tok årane fatt, og berre eit lite halvminutt etter braut det kraftig der vi nett hadde vore, - vi hadde ganske sikkert vorte våte i håret om vi hadde lagt i ro.




Inne i Smelværet er det sjelden stor sjø, og vi sette kursen sørover mot Smelværkaia der vi var i land og fekk i oss niste og varm drikke, før vi padla vidare sørover mellom øyane og over Smelværosen til Heggøyna.
Rotvelt etter ein storm for to år sidan.

Her helste vi på selkolonien som held til her. Dei låg på svaberga rett over flomålet, men var snare å komme seg ut i når vi nærma oss. Ikkje lett å få talet på dei, men eg tippar det var 30 - 40 dyr rundt oss. Eg forsøkte å ta bilde av dei under overflata utan å lukkast, men eg fekk bilde av ein kajakk og ei padleåre.

Poserande padleåre.


Det lei på dag, så vi tok fatt på heimvegen og var tilbake i Staveneset godt fire timar etter at vi for.

Det ser imponerande ut, men båten står ganske støtt :-))

Første etappe på dei 400 vart på knappe 15 km, så no er det berre 385 km. igjen.  Lene har ordna loggbok på nett, eller spreadsheet på nynorsk, og turen er logga.
Heile albumet frå turen HER