07 januar 2011

Første etappe.

I år har eg sett meg som mål, i lag med eit par tre andre i klubben, å padle til Norges Padleforbubd sitt distansemerke i bronse. Då må eg loggføre 400 km i kajakken i løpet av året. Eg har ikkje ført nokon nøyaktig logg for 2010, men eg har padla tett opp under 400 km så det burde vere eit realistisk mål å nå.(På padleforbundet sine sider, og på diverse andre padlebloggar, ser eg at dei ivrigaste har padla både eit og to tusen km. i løpet av fjoråret, og då blir 400 for peanuts å rekne.)
2. nyttårsdag padla eg første etappe i lag med Roy Ove. Vi la ut frå Staveneset i halv elleve tida og padla utover forbi Faneskjæra og ut til Kråka. Når det er litt drag i sjøen er det i tillegg til store dønningar, ganske rotete sjø rett nord om her, og mange plassar bryt det kraftig. På kartet ser ein at havdjupna stig bratt frå rundt 200 meter til nærmare null, og det forklarar vel kvifor det er slik.

I dag var det såpass rotete at eg ikkje torde å sleppe padleåra for å ta bilder før vi var i litt smulare farvatn.       
 Nord i Smelværet
 Surfebølge for dei som vil..

Det var fjærande sjø, og medan vi låg og pausa og såg på ei grunne der det braut kraftig, merka vi brått at det var like før det braut der vi låg også, så vi fann ut at det var best å flytte på oss. Vi tok årane fatt, og berre eit lite halvminutt etter braut det kraftig der vi nett hadde vore, - vi hadde ganske sikkert vorte våte i håret om vi hadde lagt i ro.




Inne i Smelværet er det sjelden stor sjø, og vi sette kursen sørover mot Smelværkaia der vi var i land og fekk i oss niste og varm drikke, før vi padla vidare sørover mellom øyane og over Smelværosen til Heggøyna.
Rotvelt etter ein storm for to år sidan.

Her helste vi på selkolonien som held til her. Dei låg på svaberga rett over flomålet, men var snare å komme seg ut i når vi nærma oss. Ikkje lett å få talet på dei, men eg tippar det var 30 - 40 dyr rundt oss. Eg forsøkte å ta bilde av dei under overflata utan å lukkast, men eg fekk bilde av ein kajakk og ei padleåre.

Poserande padleåre.


Det lei på dag, så vi tok fatt på heimvegen og var tilbake i Staveneset godt fire timar etter at vi for.

Det ser imponerande ut, men båten står ganske støtt :-))

Første etappe på dei 400 vart på knappe 15 km, så no er det berre 385 km. igjen.  Lene har ordna loggbok på nett, eller spreadsheet på nynorsk, og turen er logga.
Heile albumet frå turen HER

4 kommentarer:

Marianne sa...

Hei Kjell, godt nytt år. Lykke til med kilometerprosjektet, du klarer det fint tror jeg!

Kristin sa...

Lykke til pappa, eg heia på deg!

AG sa...

Eg har bestillt ein lang og fin sommar i år så dette klarar du nok skal du sjå:)

Miamaria sa...

Lykke til, det der går nok bra. :) Men ikke heng dere for mye opp i kilometre - det skal jo bare være en liten ekstra pådriver, ikke noe som gir dårlig samvittighet. ;)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...