20 februar 2011

Til fjells i dag.

I dag lot eg kajakken henge og tok meg ein tur til fjells. Vi har fått sola tilbake og den fekk verkeleg vise seg i dag. Skyfri himmel og vindstille gjorde sitt til at den varma litt òg, så eg vart fort varm i trøya oppover bakkane.
Oppe ved Svartevatnet vart eg innhenta av Karen som også ville ha litt fjelluft å puste i.

Svartevatnet

Karen vurderer forholda :-)

Karen gjekk vidare nordover mot Skylefjellet, medan eg tok turen innover fjellet mot Yndestadhøgeheia. Det var lite snø på ryggane oppover, så det var lett og fint å gå.


Frå Yndestadhøgeheia nordover mot Skylefjellet, bakom skimtar vi Florø.

Utsikt vestover Stavenesodden.

Hytta til Lasse ser ut til å ha klart seg gjennom vinteren.

Lite snø og godt synlege vardar utover.

Snøfritt på heimebøane.

Eg svinga nedom hytta til Lasse før det bar heimover att. Fin tur i eit nydeleg og stille vintervêr.
Fleire bilder HER.

17 februar 2011

Frisk bølgjetur.

Søndagens padletur gjekk til Smelværet. Nina, Roy Ove og eg padla frå Staveneset i flott vintervêr med eit par plussgrader og litt austavind, så vi hadde vinden og bølgjene med oss utover mot Kråka.

Vi starta på is inne i Vaulen, Roy Ove er klar med alternativ bruk av padleåra.

Ei av dei mange grunnene det bryt på nord i Smelværet.

Vi var bortom eit par grunner der det braut ganske kraftig. Eg synest det er fasinerande å vere nær dei voldsomme kreftene i slike brotsjøar, og kjenne bevegelsane dei lagar i sjøen, - dei kjenner ein godt i ein kajakk !
Roy Ove "snusar" på ein brotsjø.

Nina med Kinn og Reksta i bakgrunnen.

Fornøgd gjeng :-)

Ikkje så lett å få auge på Nina i bølgjene.


Det var litt grov sjø i dag, krappe bølgjer som gav litt utfordringar og testa balansen til båt og mannskap. Vi leika oss ei stund her på utsida før vi padla inn i Smelværet og rasta på kaia der. Vi får vel snart rekning på havneavgift dersom eigaren av havna les bloggen min :))

Godt å finne ly for austavinden.

Ombordstiging.

 Det hadde friskna til litt, så det vart ein ganske tung tur inn att mot Staveneset, med grov sjø og vind rett i mot. Vi nådde omsider Faneskjera der vi tok ein liten pause på lesida. Derifrå kom vi fort i ly for Staveneset, og siste stykket gjekk lett.

Pause ved Faneskjera.

Stavenesvågen.
Ein frisk tur på godt 12 km. som gav god trim. Vi brukte omtrent 4 timar.
Heile albumet finn du HER

05 februar 2011

Padling og sushi !

Det vart ei tur "på sparket" i dag. Sidan det såg usikkert ut med tur i morgon, og fjorden låg der stille og fin og lokka, bestemte eg meg brått og uventa, og ein god halvtime etterpå var eg i kajakken her ved Yndestadkaia. Stongfjorden er eigentleg litt kjedeleg å padle, men grei nok av og til, og i dag fann eg på å padle halve fjorden ut og ta avstikkaren inn Eidsfjorden.  Kjedeleg å padle den og for så vidt, mykje meir spennande å køyre den, men eg har ikkje vore inn her i kajakken før.
Flotte svaberg i Eidsfjorden

 Ikkje så lett å sjå, men vegen mellom Stongfjorden og kommunesenteret Askvoll går bort i fjellsida.

Fismen, veglaus og fråflytta gard på vestsida av Eidsfjorden.

Ikkje lett å drive gard her.

Frå Fismen mot Nordeidet

Eg padla heilt i botnen av Eidsfjorden, der kom eg ikkje lenger og måtte sjølvsagt snu å padle ut att.
Det var mykje fugl å sjå, hegre er ikkje noko uvanleg syn innover her, men store mengder skarv er litt meir uvanleg. Eg er usikker på om det er silda den kjem etter, eller om det er ruskeveret ute i havet den søkjer ly for. Eit heilt fugleberg av skarv sat i alle fall i ein hammar ved utløpet av fjorden og flaug der i frå då eg nerma meg.
Frå Årevika i Størdal.

Eg tok ein kopp varm solbærtoddy og ein kvikk-lunch ombord i dag, utanfor Størdal, før eg padla siste biten inn att Stongfjorden mot kaia heime.
Etter godt to og ein halv time og 15 km. i kajakken hadde eg opparbeidd skikkeleg god matlyst, men eg må sei at eg var noko spent på middagen i dag. Fruen hadde vore på delikatessebutikken i Askvoll og kjøpt sushi, og det har vi ikkje smakt før. Etter ein dusj og ein lur på sofaen var det tid for å utfordre smaksløkane med nye inntrykk.

 Sushi frå Askvoll Sjømat & Delikatesser kan anbefalast !

Vi vart slett ikkje skuffa. Kjempegodt ! Og eit glas god kvitvin attåt gjorde ikkje måltidet verre :-)
Askvoll Sjømat og Delikatesser AS finn du på Facebook

Alle bilda frå turen i dag er tekne med mobilkamera, og resten av albumet finn du HER

01 februar 2011

Padling og litt historie.

For godt og vel tusen år sidan budde det ein villstyring med namn Ingolfr Arnarson i Rivedal. Eg veit ikkje om han padla, men båt hadde han i alle fall, om enn litt større enn ein kajakk, for etter å ha tatt livet av to av sønene til Atle Jarl, ein storkar som budde lengst inne i Dalsfjorden, måtte han flykte landet. Han hoppa i båten og sette kursen for Island, og der han vart han verande og la grunnlaget for dei første busetnadane på sagaøya. I 1907 sette Islendingane opp ei svær statue av Ingolfen i Reykjavik, og ein kopi av denne vart reist i Rivedal i 1961. Eg stoppa på og helsa på han då eg køyrde forbi på veg til søndagens padletur.

Ingolfr Arnarson

Meldingane for søndagen var dårlege med mykje vind, så valget fall dermed på Dalsfjorden med start frå Eikenes. Eg fekk med meg Nina, og vi møttest på Eikenes og var klar i båtane i halv tolvtida.

Nina på veg ut frå Eikenes.

Det har vore ferjetrafikk mellom Dale og Eikenes i 75 år, men no er dette snart historie. Veg inn fjorden og bru over til Dale er under bygging og skal stå ferdig i 2013. Litt av målet med dagens tur var å inspisere framdrifta av vegarbeidet. Arbeidet vart faktisk påbegynt allerede i 1974, men vart stoppa fem år etter, og no i haust vart arbeidet teke opp att.

Søndag og stille på anlegget.

Her enda det i 1979, etter 5 års drift var det bygt 4 km. veg inkludert 500 m. tunell.

Etter å ha inspisert vegarbeidet på nordsida av fjorden padla vi vidare innover forbi Ottersteinen til Fossevika. Vi padla forbi eit oppdrettsanlegg for blåskjel som låg langs med land, slik ser det ut under overflata :
Blåskjel.

 Ottersteinen, utan veg i dag, men snart kjem det eit brufeste her og då ordnar nok det seg.

 Rast i Fossevika.



 I Fossevika var vi på land, godt med niste og varm drikke, før vi padla vidare over til Dale og vidare utover på sørsida av fjorden. Her var det blikkstille og klårt i sjøen, og langs land på sørsida av Dalsøyna var det tett i tett med kråkebollar under overflata.
Kråkebollar i fleng, eit sjeldan syn.

Langs land på sørsida av Dalsøyna.

I Fossevika fekk eg melding frå Lasse. Han hadde padla frå Holmedal og var kommen inn til Eikenes og visste at vi var på tur i området. Vi såg etter han på veg utover, men det vart ikkje til at vi traff han. Han var forbi Eikenes kommen på veg heimover før vi kom ut att.
Vi var tilbake på Eikenes i halv firetida, fire timar etter at vi la ut og hadde tilbakelagt nesten 16 km.
Flott tur i gråvêr med lette regnbyger.
Takk for turen Nina !
fleire bilder frå turen HER