17 februar 2011

Frisk bølgjetur.

Søndagens padletur gjekk til Smelværet. Nina, Roy Ove og eg padla frå Staveneset i flott vintervêr med eit par plussgrader og litt austavind, så vi hadde vinden og bølgjene med oss utover mot Kråka.

Vi starta på is inne i Vaulen, Roy Ove er klar med alternativ bruk av padleåra.

Ei av dei mange grunnene det bryt på nord i Smelværet.

Vi var bortom eit par grunner der det braut ganske kraftig. Eg synest det er fasinerande å vere nær dei voldsomme kreftene i slike brotsjøar, og kjenne bevegelsane dei lagar i sjøen, - dei kjenner ein godt i ein kajakk !
Roy Ove "snusar" på ein brotsjø.

Nina med Kinn og Reksta i bakgrunnen.

Fornøgd gjeng :-)

Ikkje så lett å få auge på Nina i bølgjene.


Det var litt grov sjø i dag, krappe bølgjer som gav litt utfordringar og testa balansen til båt og mannskap. Vi leika oss ei stund her på utsida før vi padla inn i Smelværet og rasta på kaia der. Vi får vel snart rekning på havneavgift dersom eigaren av havna les bloggen min :))

Godt å finne ly for austavinden.

Ombordstiging.

 Det hadde friskna til litt, så det vart ein ganske tung tur inn att mot Staveneset, med grov sjø og vind rett i mot. Vi nådde omsider Faneskjera der vi tok ein liten pause på lesida. Derifrå kom vi fort i ly for Staveneset, og siste stykket gjekk lett.

Pause ved Faneskjera.

Stavenesvågen.
Ein frisk tur på godt 12 km. som gav god trim. Vi brukte omtrent 4 timar.
Heile albumet finn du HER

1 kommentar:

Liv sa...

Har vore på besøk i bloggen din. Kjell. Friske bilder og sikkert ein ennå friskare tur:)
Var i Staveneset eg også og såg at bilane doka stod der ute. Tenkte at doke var modige, det var mange kvite toppar ut på.....

God helg!!

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...