25 april 2010

Padletur 25. april frå Staveneset















Frå Vaulen i Staveneset.

I dag gjekk turen frå Staveneset (som vanleg) sørvestover forbi austsida av Heggøyna, over Heggøyosen til Avløypet på nordvestsida av Atløy. Lurte litt på å padle til Herland, det var ikkje lange biten att, men eg tenkte at det var igrunnen langt nok så eg snudde. Tilbaketuren gjekk på nordvestsida av Heggøyna, der eg rasta på ein holme, beglodd av ein selkoloni som låg å duppa - talde 16 dyr som var oppe samtidig, ikkje rart at det er lite fisk inne i fjordane. Rasten vart kort, for vinden friskna så eg tenkte det var best å komme seg over til Staveneset før det vart for gale. Litt skvalpesjø og motvind over til Melsholmen, men derifrå stilna både vind og bølger så det gikk greit.Måtte ta kajakken på skuldra siste biten i dag, Vaulen i Staveneset var turrlagd. Brukte ca 3 timar på turen i dag. Fleire bilder frå turen her.

12 april 2010

Padletur til Blåna 11. april














Ved Blåna vest av Smelværet.

Roy Ove og eg padla frå Staveneset vestover til sørenden av Smelværet og vidare vestover til Blåna. Så langt ut har vi ikkje vore før, og det er ikkje kvar dag veret tillet det heller. Vidare derifrå tilbake til Smelværet der vi var i land og inntok niste, kaffi og sjokolade før vi sette kursen tilbake mot Staveneset. Vi brukte knappe 4 timar på turen som er rundt 17 km.
Fleire bilder frå turen her


















Danske æg med omtanke, men ikkje for naturen
- denne pappøskja flaut lett i sjøen mellom Blåna
og Smelværet då vi fann den.
Sikkert kasta over bord av kokken på ein NorLines
containerbåt som passerte i ytre leia rett før vi kom.

05 april 2010
















Det vart ein "snartur" på sparket i dag. Padla åleine frå Staveneset ut i Smelværet. Fint men litt grått ver og sørvestleg lett bris. Fin tur.
Fleire bilder her

01 april 2010

Padletur skjærtorsdag 2010
Ein flott padletur i dag frå Staveneset til Heggøyna der vi var i land og rasta på altanen på hytta til Gisle og Liv. Vidare derifrå over til Smelværet og nord til Kråka der vi "lukta" litt på ei bølge før vi sette nasen inn att mot Staveneset. Litt rulletrening i ein iskald Stavenesvåg, vellukka for Roy Ove sin del, før vi gjekk i land. Vi brukte godt tre timar på turen.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...