12 april 2010

Padletur til Blåna 11. april














Ved Blåna vest av Smelværet.

Roy Ove og eg padla frå Staveneset vestover til sørenden av Smelværet og vidare vestover til Blåna. Så langt ut har vi ikkje vore før, og det er ikkje kvar dag veret tillet det heller. Vidare derifrå tilbake til Smelværet der vi var i land og inntok niste, kaffi og sjokolade før vi sette kursen tilbake mot Staveneset. Vi brukte knappe 4 timar på turen som er rundt 17 km.
Fleire bilder frå turen her


















Danske æg med omtanke, men ikkje for naturen
- denne pappøskja flaut lett i sjøen mellom Blåna
og Smelværet då vi fann den.
Sikkert kasta over bord av kokken på ein NorLines
containerbåt som passerte i ytre leia rett før vi kom.

2 kommentarer:

AG sa...

Steike bra gjort kara:)

Odin Hestholm sa...

Kjempefine bilete, som alltid!

Kjenner at eg må ut at i Smellværet. Utruleg fin stad..