17 november 2012

Kajakkholdar.

I forbindelse med turen til Vigra fekk eg i oppgåve å ta med Nukaen til Lene tilbake til Askvoll, noko som innebar at eg måtte ha tre kajakkar på biltaket. For å få plass til det, må dei stå på høgkant. Lene har eit Thule-stativ der kajakken står slik, men eg skulle feste to til. Det finnast ulike løysingar å få kjøpt, men eg fann til slutt ut at det snaraste og billigaste var å lage eit sjølv. Etter litt spekulering, kom eg fram til ei enkel og funksjonell løysing som eg laga i 40X40 firkantrør i aluminium. Kort og enkelt ein T som står på hovudet og som er festa til lastebøyelen med samme festa som er brukt på det "vanlege" Thulestativet der kajakken ligg. Stativet, eller holdarane, passar nok best til å feste to kajakkar, då får du "belasta" det begge vegar i toppen og unngår å dra det skeivt. På toppen er det påsveisa ei plate som stikk ca 5 mm ut om røret og hindrar festestroppene i å gli av. Kortenden på T-en, som dannar festet mot lastebøyelen, er 120 mm langt. Totalhøgda på holdaren er ca 540 mm.


Tilskårne skumpute-strimlar mellom stativet og kajakken hinrdrar skade på båtane. Strimlane festa eg med tape.

Passar best til to kajakkar...


..og då er det god plass til eit Thulestativ med ein tredje kajakk.

Eg er litt usikker på om det finnst reglar for slike "heimesnikra" festeanordningar, men det er reglar for kor mykje du har lov å laste på biltaket. Det er ulikt frå bil til bil, ( sånn ca. mellom 50-100 kg) du finn det i vognkortet. På min har eg lov til å laste 100 kg.

Ingen kommentarer: