24 april 2011

Påsketur...på jobb.

Knallflott påske med sol og sommartemperaturar ! "Alle" er heime og kosar seg med turar både på fjell og sjø, og diverse andre sosiale syslar ! Og kva gjer eg ? Jau, eg er på jobb på Stord heile påska ! Lite hjelp i at det er samme flotte vêret her nede, - heller tvert imot ! Da e sjølvsagt knallhardt å måtte svette i kjeledress lange arbeidsdagar, og vite at andre har fri og kosar seg i finevêret.
I dag er det påskeafta, og sist eg var på tur i kajakken var lørdag for 14 dagar sidan. Det sto allerede ein bil med kajakkstativ på taket i Staveneset då eg kom, så eg speida etter andre kajakkar der eg padla utover. Eg fekk auge på dei nord om Ryggene, og sette kursen bortom for å helse på. Det viste seg å vere to karar frå Førde som hadde funne vegen ut hit i dønningane.


Båtar på veg nordover.

Fleire på tur i finvêret.

Vi slo av ein prat, som sjølvsagt handla om felles interesser, før eg padla vidare mot Kråka og sørover Smelværet. Eg rasta på Guridøyna og sjekka at kabeltrommelen som eg plasserte der i fjor haust låg der enno, og det gjorde den.

Trommelen frå "Operasjon Kabeltrommel"

Fleire som har organisert trevirke på Guridøyna.

Ellers var det ymse saker som hadde reke i land...


..beholdarar for både eitt og hitt, begge var nok tomme... her skulle vore ryddedugnad !..

..men då må det nok større båt til.

Eg padla bortom Heggøyna og helsa på selkolonien i Heggøyvågen, før eg sette kursen heim att.

Fin tur på godt 14 km og ca. 3,5 t.
 
På tirsdag reiser eg heim til tre veker fri, så eg håpar at godvêret held fram !
På sjøen skal eg i alle fall...

Ingen kommentarer:

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...